Hopp til innhold

Så mykje varierer straumprisen etter kvar du bur

No er det historisk store prisforskjellar på straum i ulike delar av landet. Straumrekninga kan variere med fleire tusen kroner – alt etter kor du bor.

– Over tid har vi ikkje sett store forskjellar. Det er veldig spesielt, seier handelssjef hos kraftprodusenten BKK produksjon, Stein Erik Iversen.

Dei siste månadene har straumprisen gått oppover i heile landet.

Men det er store regionale forskjellar. Prisen er meir enn dobbelt så høg i Sør-Noreg som i Nord-Noreg.

– Eg kan ikkje hugse å ha sett så store prisforskjellar før, seier kommunikasjonssjef Christer Gilje i Statnett.

Så mykje varierer straumprisen etter kvar du bur

REKNAR PÅ PRISAR: Ein oversikt frå Forbrukarrådet si straumteneste viser store utslag på straumrekninga – alt etter kvar i landet du bur.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Meir tilgang på straum i nord

I alt er Noreg delt opp i fem ulike prisområde.

I stort sett heile september har kraftbørsen Nord Pool sin spotpris vore meir enn 1 krone pr. kilowattime i Sør-Noreg.

Aller høgast var døgnprisen førre torsdag, nærare bestemt 1,23 kr/kWt.

Til samanlikning var døgnprisen 0,59 kr/kWt i Nord-Noreg.

Men også dagane etterpå har nivået vore høgt i sør, trass regnet.

Iversen peikar på at det er meir tilgang på straum i nord. Han viser til at manglande linjekapasitet frå nord til sør fører til store forskjellar.

– Ressursunderskotet er så stort i Sør-Noreg at vi vil ha betydelege prisforskjellar gjennom vinteren, nesten uansett scenario.

Difor rømmer straumkundane i sør til dei nordnorske kraftselskapa – som kan freiste med lågare fastprisar på straum enn selskapa i sør.

Men det vert for dyrt for dei nordnorske kraftselskapa. Som no stenger døra for kundar frå sør.

Her vil ein familie med årsforbruk 16.000 kWt få ein straumrekning på 12.264,- NOK.
I Trondheim vil ein familie med årsforbruk 16.000 kWt få ein straumrekning på 10.068,- NOK.
I Tromsø vil ein familie med årsforbruk 16.000 kWt få ein straumrekning på 6336,- NOK.
Visualisering: Håvard Nyhus/NRK

Store forskjellar

Ein oversikt frå Forbrukarrådet si straumteneste, strompris.no, viser no store utslag på straumrekninga – alt etter kvar i landet du bur.

NRK har brukt følgande eksempel:

Ein bustad med årsforbruk på 16.000 kWt, som svarar til gjennomsnittsforbruket (SSB). Tilbod frå Hafslund Strøm med prisgaranti 6–12 månader.

Dersom dagens pris held seg, blir årsutgiftene:

  • Tromsø 6336 kroner
  • Trondheim 10.068 kroner
  • Bergen 12.264 kroner
  • Oslo 12.324 kroner
  • Kristiansand 12.264 kroner

Men i realiteten kan forskjellane fort bli enda større, opplyser Forbrukarrådet.

Bakgrunnen er at prisen på nettenesta er sett opp med eit snitt av spotprisen førre månad, pluss oppgitt påslag frå straumselskapa.

Spotprisen har så langt i september vore klart høgare enn spotprisen i august.

Dyre strømprisene på grunn av det kalde været

STOR FORSKJELL: Adressa di vil avgjere kor høg straumrekninga blir utover hausten og vinteren.

Foto: Heiko Junge / NTB

Får mange spørsmål

Hafslund Strøm viser til at prisforskjellane no råkar alle leverandørar i straummarknaden.

– Sett frå kundane sin ståstad skulle vi ønske at det ikkje var så store forskjellar, og heller ikkje at prisane på straumbørsen er på det nivået dei er på no, seier PR Manager Tobias Gausemel Backe.

Dei siste vekene har selskapet fått mange spørsmål.

– Vi merkar at kundane våre er opptekne av dei høge prisane, spesielt etter eit år med historisk låge utgifter i fjor.

Han seier områda som krev mest straum er elektrisk oppvarming og varmt vatn. Rådet til kundane er å gå grundig gjennom straumforbruket sitt før vinteren.

– Berre ved å senke innetemperaturen ein grad, kan ein redusere forbruket opptil 5 prosent.

Strømforbruk om vinteren

HØGRE PRISAR: Lite nedbør kan føre til enda høgre prisar utover vinteren.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Kan bli verre

Låg fyllingsgrad i magasina, lite vindkraft på kontinentet, høge prisar på gass og kull er dei viktigaste faktorane for at prisane no er rekordhøge.

Fleire er bekymra for at ein kraftkabel til Storbritannia ytterlegare vil auke prisane i Sør-Noreg.

Mengda med nedbør dei neste vekene kan bli avgjerande for korleis prisane utviklar seg utover hausten og vinteren.

– Dersom vi på toppen av den situasjonen vi har no, får ein streng vinter med kaldt ver og lite vind, då vil dette kunne eskalere og bli verre, seier Stein Erik Iversen i BKK.

Vindturbiner er satt opp i nærheten av kullkraftverket Neurath i Garzweiler vest i Tyskland.

LITE VIND: I Europa er det mindre vindkraft enn normalt, noko som fører til at straumprisane aukar.

Foto: Ina Fassbender / AFP