Straumkundar i sør rømmer nordover, men no innfører kraftselskapa søringkarantene

Nord-Noreg sit på eit kraftoverskot lik eit halvt års forbruk av straum for heile Noreg. Likevel stansar Polar Kraft salet av straum til kundar i sør. Årsaka er at selskapa går med tap på disse kundane.

Helgeland Kraft

Straumkundar i sør har flokka til nordnorske straumselskap for å få billigare straum. No kan dei ikkje gjere det lenger.

Foto: Frode Dorp, Helgeland Kraft

Kilowattprisane er historisk høge. I alle fall sør i Noreg.

For i nord har dei et overskot på kraft. Det gir store forskjellar på straumprisane ut frå kor du bor i landet.

Difor rømmer straumkundane i sør til dei nordnorske kraftselskapa – som kan freiste med lågare fastprisar på straum enn selskapa i sør.

Men det vert for dyrt for dei nordnorske kraftselskapa.

No må dei stenge døra for kundar frå sør.

Stansa sal til Sør-Noreg

– Vi har stansa salet til kundar frå sør for Nordland.

Det seier administrerande direktør i straumleverandøren Polar Kraft, Herold Myrland.

Når Polar Kraft tilbyr ein fastpris til sine kundar over heile landet, er den basert på dei låge straumprisane i nord. Men for å gi straum til kundane sine i sør må Polar Kraft kjøpe dyr straum frå sør i landet.

Det tapar Polar Kraft pengar på.

Det var Fremover som skreiv om dette først.

Herold Myrland, direktør Polar Kraft

– Når marknaden hadde ein så kjapp og brutal stigning på berre nokon veker, er det ikkje mogleg setje ein felles pris for heile Noreg. Det er for ulike prisar, seier Herold Myrland, direktør for Polar Kraft

Foto: Polar Kraft

Sjeldan høg prisforskjell

Myrland seier at det er sjeldan prisforskjellen mellom nord og sør er så høg som no.

– Vi har nokre kundar som er veldig nøgde, som allereie sit med ein kontrakt med oss på 1–5 år. Dei beheld avtala si – kjøpt er kjøpt, seier Myrland.

Men det skipet har gått for nye kundar som ønsker seg billig kraft frå nord.

– Det har vore stor pågang frå folk som ønsker seg billigare straum. Det minka då vi varsla at vi ikkje lenger leverer straum til kundar i sør.

Polar Kraft har skrive seg ut av listane over straumleverandørar for kundar i sør midlertidig.

Dei er først nøydde til å skru opp fastprisen for dei som bur sør i landet.

Det er vanskeleg å seie korleis ein femårskontrakt vil sjå ut for sør nå vi opnar det igjen om eit par veker, men det vil verte vesentleg høgare enn vi har hatt i nord til no.

Overskot lik eit halvt års straumforbruk

Årsaka til dei store prisforskjellane skyldast som nemnt et kraftoverskot i nord.

Det skuldast mykje regn, i tillegg til utbygging av vindkraft i Nord-Sverige, ifølge Tom Eirik Olsen, handelssjef i Ishavskraft.

– No har vi nesten 60 tw timar med produksjonsoverskot i nordområdene, seier Olsen.

Noreg bruker totalt omkring 130 tw timar i året.

Det vil si at Nord-Noreg sit på eit overskot som svarar til halvparten av Noregs forbruk.

Tom Eirik Olsen er handelssjef i Ishavskraft

Tom Eirik Olsen er handelssjef i Ishavskraft, seier at dersom du vil sikre deg billig straum per i dag, må du flytte nordover.

Foto: Marie Louise Somby / Árvu

Dette overskotet vert i dag i hovudsak eksportert til utlandet, der betalingsevna er størst fordi behovet er så stort.

Samstundes har ein tørr sommar i Sør-Noreg ført til at magasina står tomme.

Det, kombinert med høg etterspurnad av straum frå Europa, gjer at straumprisane har skote i taket sør i landet.

Kvifor sender vi ikkje heller straumen til Sør-Noreg?

– Viss kabelen mellom nord og sør var stor nok ville vi ikkje hatt prisforskjellar mellom nord og sør. Det er mange som jobbar for å få på plass betre overføring nord-sør. Industri i sør betaler høgre pris enn same industri i nord, seier Olsen.

Samstundes ønsker krefter i nord ønsker å halde prisen låg for å etablere ny industri der.

Prisforskjellane skal gjere det attraktivt å etablere seg i nord som forbruker og i sør som produsent. I ein optimal verd skal marknaden ordne opp i dette over tid, seier Olsen.

Olsen trur det vil bli jamna ut ein eller annan gong i framtida – men det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta.

For sjølv om ein skulle velje å leggje nye kablar for å flytte straumen frå nord til sør vil det ta lang tid før dei ligg klare.

Det enklaste er å flytte til nord om du vil ha låg straumpris, eller leggje solceller på taket eller installere varmepumpe om du på bu i sør.