Hopp til innhold

Etterlyste sykkelsatsing i sykkelbyen

Førde vart i fjor første sykkelby på Vestlandet. Under eit folkemøte måndag kveld vart byen skulda for puslete sykkeltiltak.

Folkemøte om ny E39 forbi Førde

ETTERLYSTE: I samband med planane for ny E39 forbi sykkelbyen Førde, var det mange på folkemøtet som etterlyste tiltak for dei mjuke trafikantane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nye E39 forbi Førde var tema for folkemøtet, og det var fleire av deltakarane som ikkje var nøgde med tiltaka retta mot mjuke trafikantar.

Mellom desse Alvar Melvær som meiner planleggarane burde ha tenkt annleis om gang- og sykkelvegar.

– Eg tykkjer det er veldig viktig at ein får gang- og sykkelvegar, ikkje berre langs bilvegane, men også vekke frå desse. Det blir mykje finare for folk å gå og sykle når ein slepp å ha den store biltrafikken rett ved sidan av seg heile tida, seier han.

Merka seg innspel

Kommunen har tidlegare fått kritikk for manglande satsing på sykkeltiltak . I fjor viste også ei undersøking at ingen brukar bilen meir på Vestlandet, enn i sykkelbyen . Under folkemøtet måndag merka ordførar

Olve Grotle (H) seg innspela om gang- og sykkelvegar, men han meiner Førdepakken tek i vare interessene til dei som vil gå eller sykle.

– Nokre i salen meinte vi går for langt, andre meiner at vi ikkje går for langt. Det kan godt tenkjast at vi har funne nivået som er rett, seier Grotle.

– På rett veg

– Så er det slik at vi kanskje ser ei utvikling der vi går frå å vere ein by bygt på bilen sine premissar, til å bli meir sykkel og gangvennleg. Og kanskje vi om nokre år vil bli endå meir knytt opp mot dette å bli ein gang- og sykkelby. Eg trur vi er på rett veg, legg han til.

Ordføraren fekk fleire innspel om både lokale trafikkløysingar og om framtidig E39, men dei heilt store kritiske innvendingane var det ikkje mange av.