Hopp til innhold

Rysta over grove brot på køyre- og kviletid

Berre timar etter at han hadde vore i retten i Sogndal, saman men tre sjåførkollegaer for brot på køyre- og kviletida, vart den tyske sjåføren stogga i Førde for nye brot.

Thormod Gausdal

AVSLØRER MANGE BROT PÅ KØYRE- OG KVILETIDER: Thormod Gausdal er seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det syner berre at dette er eit system dei utnyttar til det fulle, vi har mistanke om at dei i periodar køyrer under andre identitetar for å omgå regelverket, seier seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Hovudregelen er døgnkvile på 11 samanhengande timar, eller minst tre pluss ni timar kvart døgn. Den kan også reduserast til ni timar maks tre gonger mellom to vekekvilar.

Advokaten til den tyske sjåføren, Patrick Lundevall-Unger, seier at i samband med rettsaka trekte aktoratet, dei krassaste påstandane.

– Dei la heilt vekk kravet om køyreforbod, og reduserte bota frå 15 000 til 5000. Når gjeld forholda han var stogga for seinare same dagen, så er det viktig å påpeike at han ikkje er dømd for noko, seier Lundevall-Unger.

Grove lovbrot

I fjor melde Staten vegvesen 170 tungtransportsjåførar for brot på køyre- og kviletidene berre i Sogn og Fjordane.

– Og dei var alle grove, seier Gausdal.

Seinast onsdag vart ein norsk sjåfør, frå eit norsk firma, stogga i Nordfjord. Der gjekk det fram at vedkomande hadde køyrt 14 timar det siste døgeret, og berre hatt fire timar og 46 minutt kvile. Slik er det med mange av sjåførane som blir stogga, seier Gausdal.

– Det betyr at dei kanskje ikkje søv meir enn fire timar løpet av eit døger og køyrer bil resten av døgeret. Eg har ikkje lyst å møte eit slikt vogntog langs vegen for ein veit ikkje når sjåføren sovnar, seier Gausdal.

Fokus på kontrollar

Gausdal seier at dei kjem til å halde eit sterkt fokus på kontrollar også i tida som kjem.

– Det er det einaste vi kan gjere. Vi flyttar kontrollane rundt til stadig nye stadar, og har kontrollar til alle døgnets tider, slik at sjåførane aldri skal kunne kjenne seg heilt trygge.

– Det er einaste måten å få bukt med problemet på?

– Ja, for fleire av sjåførane har berre ein bil og lever av tranport til og frå Norge. Har ein langsiktige avtaler og blir nekta å køyre i Norge, så blir det dårleg butikk, seier Gausdal.