Hopp til innhold

Utanlandsk vogntog stogga for grove brot på køyre- og kviletida

Ein polsk sjåfør blei torsdag stogga på Håbakken i Lærdal etter å ha køyrt i 96 timar, lengste pausen var på seks og ein halv time. Ifølge lova skal sjåførane ha ni timar pause i løpet av 24 timar.

Kontrollstasjonen på Håbakken

GROVE BORT PÅ KØYRE-OG KVILETID: Polsk vogntogsjåfør fekk 35 000 i bot.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er sjeldan vi kjem bort i så grove saker, seier seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Det svenskregistrerte vogntoget blei stogga på Håbakken torsdag. Til å byrje med såg alt ut til å vere greitt, men ein nøyare gjennom gang synte at sjåføren hadde brukt to ulike sjåførkort slik at det så ut som to sjåførar hadde bytt på køyringa.

– Ein kvar kan jo tenke seg til korleis det vil vere og skulle halde seg vaken og opplagt og merksam i trafikken. Han køyrer eit vogntog med stor risiko etter mi meining.

Tormod Gausdal på Håbakken kontrollstasjon

SKJELDANT GROVT: Thormod Gausdal i Statens vegvesen seier dei sjeldan kjem bort i så grove bort som sjåføren av det svenskregistrerte vogntoget hadde gjort seg skuldig.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kontrollørane på Håbakken kjem ofte bort i saker som gjeld brot på køyre og kviletid, men det er langt mellom saker som er like grove som denne.

– Vi hadde ei sak før årsskifte der ein sjåfør hadde køyrt i 55 timar og berre hatt ein pause på fire timar då han blei stogga.

Gausdal seier dei stadig avdekker nye måtar som sjåførane juksar, og også manipulerer med skrivarane.

– Men innimellom klarer vi å stille dei rette spørsmåla som gjer at det dei legg korta på bordet.

Den polske sjåføren som blei stogga på Håbakken torsdag hadde i alt 11 ulike bort på køyre og kviletidsbestemmelsane. Det kostar han 35 000 kroner i bort og eit forbod mot å køyre i Norge i åtte månadar.