Hopp til innhold

Stort snøskred i Jostedalen – ingen skal vere tekne

Store styrkar rykka ut til Myklemyr i Jostedalen etter at det har gått eit stort snøskred. Sju eller åtte personar blei observert i nærleiken av skredet.

Leitemannskap i Jostedalen.

STOR UTRYKKING: Naudetatane på plass i Jostedalen. Også to hundeekvipasjar blei kalla ut.

Foto: Christian Blom / CB Foto

Klokka 13:40 melder politiet at det ikkje er sett spor i nærleiken skredet.

– Det er ingenting som tyder på at personar er tatt i snøskredet.

Politiet fekk melding om skredet klokka 12.18 frå eit vitne i området. Vitnet observerte ei større gruppe med skigåarar i skredområdet. Leirdalen er eit populært skiområde for turgåarar.

To ambulansehelikopter, redningshelikopter og politihelikopteret blei kalla ut mot staden.

– To hundeekvipasjar er med politihelikopteret frå Bergen, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

Ei rekkje frivillige blei også kalla ut, men på grunn av skredfare er det førebels ikkje sendt mannskap inn i området.

– Det er observert sju-åtte personar i nærleiken av skredområdet, opplyser politiet.

Etter mellom anna søk frå lufta konkluderer politiet no med at ingen er tekne av skredet, eller er i området det der har gått snøskred. Redningsoppdraget blir no avslutta, opplyser politiet på Twitter.

beredskap søk leirdal

STOR UTRYKKING: Naudetatane på plass i Jostedalen. Også to hundeekvipasjar blei kalla ut.

Foto: NRK-TIPSAR
helikopter mellomlandar på myklemyr for redningsaksjon i Leirdalen

LEITA: Fleire helikopter blei sende til skredområdet. Biletet er frå dalen ved sida av der skredet gjekk.

Foto: NRK-TIPSAR
SNØSKRED