Hopp til innhold

Rømd oppdrettslaks og vegsalt trugar fiskebestanden i urbane vassdrag

For første gong er det undersøkt kva rømd oppdrettslaks har å seia for fiskebestanden i små vassdrag i Sør-Noreg. I byane trugar også vegsalt frå glatte vegar.

I Apeltunelva i Bergen, mellom tett busetnad og store motorvegar, kryr det av sjøaure og villaks.

Elva ligg midt i Bergen, og ser med første augekast ikkje ut som eit vassdrag med mykje liv i. Så feil kan ein ta.

– Dei fleste veit nok ikkje om desse skjulte perlene, og at dette faktisk er det største sjøaurevassdraget i Bergen, seier Ulrich Pulg til NRK.

Ulrich Pulg, NORCE

BEKYMRA: Ulrich Pulg likar ikkje utviklinga han ser i dei små vassdraga i Noreg.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Han er forskar ved forskingssenteret Norce LFI.

Dei har nyleg gjeve ut ein fersk rapport som kartlegg i kor stor grad oppdrettslaks på rømmen har å seie for villaks og sjøaure i små vassdrag.

I 2020 vart det rapportert om over 36 000 rømmingar av oppdrettslaks i Noreg. I 2019 var talet heile 287 663.

– Rømd oppdrettslaks er ein trussel

I 10 av 11 mindre vassdrag som Norce og Norsk institutt for naturforsking (Nina) har analysert, har dei funne innkryssing av oppdrettslaks.

Det betyr at oppdrettslaksen har blanda seg med villaksen. Det varierer frå elv til elv i kor stor grad det har skjedd.

HØGE VERDIAR: Dette kartet illustrerer kor stor andel oppdrettsfisk det er i dei ulike kartlagde elvene.

I nokre elver er det mellom 0 og 10 prosent fisk som har oppdrettsopphav, medan det på Vestlandet finst elver der nær 95 prosent av fisken har oppdrettsopphav.

Det uroar forskarane.

– Rømt oppdrettslaks er ein av dei største truslane mot villaks i heile Noreg, meiner Pulg.

Færre sjøaurar

Forskaren seier at når villaks og oppdrettslaks blandar seg, vatnar det ut dei lokale tilpassingane til villaksen.

Nytt i rapporten er at rømt oppdrettslaks kan redusere bestanden av sjøaure i små vassdrag.

Likevel seier han at det er mogleg å redde villaksen frå innkryssing av oppdrettslaks.

– Viss ein hindrar rømming eller brukar steril oppdrettslaks, då hadde jo problemet vore løyst, i både store og små vassdrag, meiner Pulg.

Vegsalt hamnar i elva

Om vintrane strør vegvesenet ofte med salt. Når snøen smeltar, renn denne vegsalten ned i elvene.

Heller ikkje dette er til gagn for livet i vassdraga.

Terje Aarsand, Bergen elveforum

LIKAR IKKJE DET HAN SER: Terje Aarsand skulle ønske at saltverdiane var hakket lågare.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Terje Aarsand er leiar i Bergen elveforum, og står i elva med eit måleapparat og ristar fortvila på hovudet.

– Dette er enorme verdiar, seier Aarsand i det han ser på displayet.

I andre byvassdrag har han til tider målt verdiar som nærmar seg saltnivået til vanleg sjøvatn.

Ulrich Pulg parerer med at sjølv om mykje salt utvilsamt er skadeleg for både småfisk og elvebotn, er det omfanget avgrensa til få dagar i få vassdrag.

I Apeltunelva som Terje måler i, har dei ofte reinsing for vegsalt slik at fiskane får betre levekår.

– Brei politisk einigheit

Byråd for klima, miljø og utvikling, Thor Haakon Bakke forstår uroa.

Thor Haakon Bakke (MDG)

GRØNT I DET BLÅ: Byråd for klima, miljø og utvikling, Thor Haakon Bakke, meiner at urbanisering og biologisk mangfald i vassdrag kan gå hand i hand.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Han understrekar at det er brei politisk semje om å ta godt vare på vassdraga, men minner om at oppdrettslaksen ikkje er underlagt byrådet sin autoritet.

– Me har ikkje oppdrett i Bergen kommune, så det viser jo litt den problematikken med den fisken som rømmer og skapar ugagn for biologisk liv, seier Bakke.