Hopp til innhold

Varsla om moglege overgrep i Røde Kors: – Dei tok det ikkje på alvor

INNLANDET (NRK): Ei rekke gonger varsla fleire kvinner Røde Kors om den no overgrepsdømde mannen. Men organisasjonen gjorde lite for å stoppe han.

Røde Kors-varsler i Innlandet.

VARSLAR: Først no, over 10 år etter at ho sa ifrå, har kvinna fått varslarstatus i Røde Kors.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ei av dei som varsla er ei kvinne frå Innlandet.

Då, og no er kvinna rysta over at Røde Kors ikkje gjorde noko for å stoppe mannen, sjølv om ho fleire gonger tok kontakt med den lokale leiinga med sine muntlege varsel.

– Dei gjorde ingenting. Ein gong vurderte eg om eg skulle ringe hovudkontoret eller Røde Kors lenger nord i bygda. Men det gjorde eg ikkje, fordi eg tykte det var så ubehageleg at eg slutta i Røde Kors, fortel varslaren til NRK.

NRK har dei siste dagane fortalt historia om korleis overgrepsofferet Stine avslørte mannen som no er dømd til 12 år i fengsel for valdtekter og overgrep mot i alt fem jenter.

I retten kom det fram at mannen brukte si tilknyting til Røde Kors då han kom i kontakt med Stine K. Reksten på nett og hevda at han dreiv med ei hemmeleg sjølvmordspatrulje.

– Han snakka mykje om Røde Kors og det han påstod at han dreiv med der, seier Stine til NRK.

Både politi og barnevern har beklaga at dei ikkje greip inn og stoppa overgrepa mot Stine.

La vekk skriftleg varsel

Men no syner det seg at det ikkje berre er dei som visste at denne no overgrepsdømde mannen hadde ein oppførsel som skapte reaksjonar.

Alt i 2009 fekk Norges Røde Kors eit skriftleg varsel mot mannen. Det blir stadfesta av generalsekretær Bernt G. Apeland.

Varselet kom inn til Røde Kors sentralt. Likevel blei meldinga liggande i fleire veker før det blei gjort noko.

– Eg kan seie at vi fekk inn eit skriftleg varsel i 2009. Vedkomande og personar lokalt i Røde Kors blei konfrontert med dei opplysningane som kom fram. Det førte ikkje til nokon reaksjon den gongen, seier Apeland.

Så blei saka sendt over til Røde Kors regionalt og lokalt i Innlandet. Der blei den lagt vekk utan at det fekk nokon konsekvensar for mannen sitt forhold til organisasjonen.

– Burde gått til politiet

Han innrømmer no at varslaren ikkje blei tatt tilstrekkeleg på alvor og at dei slapp den saka alt for tidleg.

– Vi burde ha gjort ytterlegare undersøkingar, og vi burde gått til politiet med dei opplysningane, seier generalsekretæren.

Norges Røde Kors var inntil nyleg ikkje klar over at det også har kome inn fleire muntlege varsel mot mannen. Dei stoppa opp i lokallaget.

Dei muntlege varsla fekk heller ingen følgjer for den overgrepsdømde mannen.

– Eg varsla i alle fall tre gonger om korleis han oppførte seg nede på Røde Kors, seier kvinna frå Innlandet til NRK.

Overgrepsdømt i Røde Kors.

DØMT: Mannen frå Innlandet var aktiv i Røde Kors heilt fram til 2018 då han blei pågripen, mistenkt for valdtekter og grove overgrep.

Foto: Røde Kors

– Grisete i praten

Ho fortel at mannen som no er dømt for valdtekter og overgrep, hadde ein veldig seksualiserande oppførsel, særleg mot dei unge Røde Kors-jentene.

– Eg fortalde leiaren korleis han var og kor grisete han var i praten med dei unge jentene. Men han tok det ikkje alvorleg, meiner ho.

Ho hevdar også at fleire unge jenter slutta raskt i det lokale hjelpekorpset på grunn av mannen sin oppførsel.

Det er særleg éin Røde Kors-leiar som blei varsla og som burde ha handla, meiner kvinna.

NRK har snakka Røde Kors-leiaren som fekk varslingane. Han ønskjer ikkje å kommentere saka og viser vidare til regionkontoret. Dei viser vidare til Røde Kors sentralt.

Bernt Gudmund Apeland er generalsekretær i Norges Røde Kors.

UNDERSØKER: Generalsekretær i Norges Røde Kors, Bernt G. Apeland, er tydeleg på at rutinane for varsling er skjerpa i Norges Røde Kors.

Foto: NRK

– Skjerping av rutinar

NRK har også snakka med overgriparen. Han hevdar framleis uskuld, men vil ikkje kommentere det som kjem fram.

I retten vedgjekk han at han har hatt ein oppførsel som kunne virke støytande på andre.

– Vi er glade for kvar sak som blir løfta opp i media rundt dette. Fordi dette kan føre til større openheit i samfunnet, men også innad i Røde Kors og ei skjerping av våre rutinar og praksis i Røde Kors, seier Apeland.

Har snakka med varslar

Kvinna som kom med fleire muntlege varsel til ein lokal Røde Kors-leiar, har blitt spurt ut av folk frå Norges Røde Kors.

– Då vi blei gjort kjent med at det er ein varslar som meiner at ho ikkje har blitt tatt på alvor, så sette vi i gang ei undersøkingssak med ein gang. Den pågår framleis, slår generalsekretæren fast.

Heime i bygda der ho bur, har varslaren fått god tid til å tenke på korleis ho no opplever at Røde Kors endeleg tar tak i det ho varsla om for fleire år sidan.

– Eg er glad for at dei tar tak i dette no, men det er mange år for seint, seier kvinna.

Røde Kors-varsler i Innlandet.

TØFF OPPLEVING: Kvinna frå Innlandet var aktiv i Røde Kors i fleire år fordi ho ville lære og vere med som frivillig. I staden endte det opp med ho slutta på grunn av mannen som er dømt for overgrep.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK