Hopp til innhold
En båt kjørte lørdag morgen på land på øya Selje i Sogn og Fjordane.
Foto: Redningsselskapet / NTB scanpix

Rettssaka etter båtulykka i Selje

Oppsummert

I dag startar rettssaka etter båtulykka i Selje for to år sidan. Natt til 19. mai i 2018 køyrde ein båt på land og ei kvinne mista livet. Ektemannen som var førar av båten, blei seinare tiltalt for aktlaust drap.

  • Tiltalte kom til huset deira

    Eit ektepar frå Selje forklarar i retten kva som skjedde då den tiltalte kom til huset deira etter ulukka. – Kona mi ropte at eg måtte kome. I døra stod ein mann og fortalte at han hadde køyrd på land. Han var våt og skalv, fortvila, fortalde dei.

  • Skulle sitje på i båten

    Ein kamerat av tiltalte forklarar at han hadde avtalt å sitje på med ekteparet heim til øya der han bur. – Eg stod og høyrde etter motorlyd, men eg trudde dei hadde reist heim. Eg prøvde å ringe, men eg fekk ikkje svar.