Hopp til innhold

Slepp fengsel etter at kona omkom i båtulukke

Ein mann i 40-åra er dømd til seks månader fengsel på vilkår etter at kona døydde då han køyrde på land i Selje i mai 2017.

Berging av forlist båt ved Selja.

RETT PÅ LAND: Her blir ulukkesbåten berga etter den tragiske ulukka i mai 2018.

Foto: Redningsselskapet

Dermed slepp ektemannen å sone i fengsel.

Natt til laurdag 19. mai 2017 var ekteparet på utestaden Frimannsbuda i Selje. Sjølv om han drakk alkohol, valde han å køyre båten etter at dei hadde vore på festen.

Turen enda i fjøresteinane på øya Selja og retten har funne det bevist at alkoholen i blodet gjorde mannen uoppmerksam.

– Fatalt resultat

– Retten har funne prov for at tiltalte burde ha forstått at dødsfølgen kunne inntreffe og han difor kan klandrast for at han handla som han gjorde, skriv tingretten.

I dommen blir det slått fast at mannen i 40-åra hadde minst 0,94 promille i blodet då ulukka skjedde.

Båten hadde ein fart på 30 knop (55 km/t) rett mot land, skriv retten.

– Når det då skjer ein kollisjon, er det ikkje tvilsamt for retten at tiltalte burde rekna med at ei ulukke kunne føre til eit fatalt resultat.

– Tungt å bere

I dommen blir det skildra at dødsulukka har vore tung å bere for tiltalte og dei to mindreårige borna han no er eineforsørgar for.

– Det har vore ganske jævlig, sa 47-åringen då saka var oppe i retten.

Retten finn at det ikkje er bevist at mannen var såkalla grovt uaktsam då ulukka skjedde, men slår fast at det at han køyrde med promille er skjerpande.

– Men det har tatt for lang tid frå påtalemakta sende saka til retten og fram til rettssak og dom, slår tingretten fast.

Vil ikkje anke

Mannen sin forsvarar, Paul Inge Angelshaug, meiner at dommen frå tingretten reflektert og balansert.

– Min klient er først og fremst glad for at saka er ferdig. Dommen vonleg ei verdig avslutning på denne trasige prosessen.

– Det er ikkje aktuelt å anke?

– Dommen, slik den står no, vil bli vedteken, seier Angelshaug.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med politiadvokat Lisa Førde Refsnes, som var aktor i saka.