Hopp til innhold

Mann innrømmer promillekøyring etter kona døydde i båtulukke: – Det har vore jævlig

Ein 47 år gamal mann seier seg skuldig i at kona (41) døydde og at han køyrde med promille etter ein fest på Frimannsbuda i Selje.

Berging av forlist båt ved Selja.

KØYRDE PÅ LAND: Politiet meiner at ektemannen er skuld i at kona omkom då båten deira køyrde på land på øya Selja natt til 19. mai 2018.

Foto: Redningsselskapet

– Det har vore ganske jævlig, sa 47-åringen då saka mot han starta i Sogn og Fjordane tingrett måndag.

Han innrømma skuld for at han hadde køyrd båt i rusa tilstand og at handlingane hans gjorde at kona omkom.

Blodprøvene syner at han hadde minst 0,94 promille alkohol i blodet.

Men mannen var også bestemt på at han ikkje hugsar noko som helst av ulukka natt til laurdag 19. mai 2018.

I retten hadde han tydelig vondt då han skulle forklare seg om korleis tida har vore for han og ungane etter det som skjedde.

Forsvararen til mannen, Paul Inge Angelshaug, ville vite korleis ventetida har vore.

– Det har vore tøft, for alle, sa mannen, og heldt hendene for ansiktet.

Spurt ut om alkohol

Det var 18. mai at ekteparet la ut på årets første båttur frå Vågsøy til Selje.

Der var dei først på besøk hos ein slektning av ektemannen, før turen gjekk vidare til utestaden Frimannsbuda i Selje sentrum.

Aktor, politiadvokat Lisa Førde Refsnes, la fram data som synte at mannen kjøpte alkohol for fleire hundre kroner den siste timen før utestaden stengde.

– Då du blei avhøyrd av politiet i Bergen dagen etter ulukka, sa du at du var «godt full». Kva meinte du med det? ville aktor vite.

– Eg hugsar knapt nok noko frå det avhøyret. Vi var i godt humør, eg veit ikkje korleis eg skal ordlegge meg, sa tiltalte gråtkvalt.

Vitne i retten forklarte at mannen var i godt humør, og at dei ikkje oppfatta han som overstadig rusa.

Frimannsbuda i Selje.

VAR HER: Saman med slekt og vener var ekteparet på utestaden Frimannsbuda i Selje før ulukka.

Foto: Marianne Rotihaug / Fjt.no

– Det var kaotisk

Etter at utestaden stengde gjekk ekteparet i båten og sette kursen for Vågsøy. Etter ei stund snudde dei for å plukke med seg nokon som dei hadde lova å køyre heim.

Men så langt kom dei aldri. Om lag klokka 02.30 gjekk båten på land på øya Selja.

I retten forklarte mannen at det han hugsar då han kom til seg sjølv, er at det var kaotisk.

Kor lang tid det hadde gått, er han usikker på. Men ved halv sjutida om morgonen oppsøkte han hjelp i eit hus i nærleiken.

Om lag klokka 07.30 blei kona funnen omkomen på badet om bord i båten.

No, to år etter, skal tingretten vurdere om og eventuelt korleis, ektemannen skal straffast for den tragiske ulukka.

Saka blir avslutta i retten seinare denne veka.

Aktor Lisa Førde Refsnes og forsvarar Paul Inge Angelshaug i rettssalen på Nordfjordeid.

DIGITAL RETTSSAK: Aktor Lisa Førde Refsnes (t.v.) og forsvarar Paul Inge Angelshaug i den vesle rettssalen på Nordfjordeid. Presse og publikum kan følgje saka via videolink.

Foto: domstol.no