Hopp til innhold

Retten har avgjort å lauslate mannen som er sikta for vald i Strandgaten i Bergen

Retten vil lauslate den mannen i 20-åra som er sikta for ei valdshending natt til 18. mai, melder VG.

Sundag ettermiddag opplyser forsvarar og advokat Erik Johan Mjelde til VG at påtalemakta ikkje fekk medhald i vidare varetektsfengsling:

– Retten har under tvil kome fram til at villkåra for varetektsfengsling på bakgrunn av gjentakingsfare ikkje er til stades. Retten viser til at han er under psykiatrisk behandling og oppfølging, seier Mjelde til VG.

– Lauslating vil ikkje hjelpe min klient. Han treng oppfølging og hjelp. Det viktige er at han får hjelp frå helsevesenet.

Mannen i 20-åra er sikta for eitt tilfelle av kroppsskade og to tilfelle av kroppskrenking.

Aktor og politiadvokat Elisabeth Siqveland Morstøl seier til NRK at påtalemakta ønsker å anke rettsavgjerda.

– Retten har godtatt at det blir gitt oppsettande verknad, som vil seie at mannen blir sittande fengsla fram til lagmannsretten har tatt stilling til anka, seier Morstøl.

Den sikta blir altså ikkje lauslaten 19. mai.

Skjermdump fra video som viser vold i Bergen 17. mai.

Påtalemakta vil anke at retten vil lauslate mann i 20-åra

Retten vil lauslate mannen i 20-åra som blei sikta for å ha utøvd vald natt til 18. mai. Den sikta har erkjent straffskuld.

NRK anbefaler