Hopp til innhold

Kraftig auke i elbil-sal i distrikta: – Det er eigentleg heilt fantastisk

Andelen nye elbilar i distrikts-Noreg har auka dramatisk det siste året. For Renate Berg Løvfald i Florø var det grøne valet utvilsamt.

Renate Berge Løvfald med ny elbil.

GRØNT SKIFTE: Renate Berg Løvfald med sin splitter nye Ford Mustang Mach-E.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

72 prosent av alle nye bilar som var selde i august var heilelektriske.

– Vi såg at det var store fordeler. Fossil er jo på veg ut, slår Stian Berg Løvfald fast.

Då han og kona Renate skulle finne ny bil, var dei ikkje i tvil. Det måtte bli elbil.

– Det er eigentleg heilt fantastisk, seier ho og peikar både på fordelane – og på tala som syner den store veksten.

I Noreg sett under eitt er veksten i salet av nye elbilar frå august 2020 til august 2021 på 36 prosent.

Men i typiske distriktsområde som Sogn og Fjordane og fylka i nord, er veksten langt høgare.

– Myten er vekke

I Finnmark auka elbil-andelen til 51 prosent av nybilane, medan i Sogn og Fjordane er no 62 prosent av nybilane elektriske.

– Det syner at myten om at du må ha dieselbil for å bu i distrikts-Noreg er vekke no, meiner marknadssjef Tore Fossen hos Berge og Co, den største bilforhandlaren i Sogn og Fjordane.

Han meiner at skepsisen er vekke blant dei aller fleste.

– Det gjeld eigentleg alle aldersgrupper. Det gjeld like mykje godt vaksne folk som unge, som no kjøper el når dei skal ha nytt, seier Fossen.

Tore Fossen

SEL MYKJE: Tore Fossen i Berge og co. fortel om stor interesse for å kjøpe nye elbilar. Det er knapt nokon som ønskjer å kjøpe nye dieselbilar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Utfordrar Vedum

I elbilforeininga er dei naturleg nok nøgde med at pilene peikar beint oppover for elbil-salet, også utanfor dei store byane.

– Målet må vere at dei få som vel dieselbil i nybilsalet, sluttar med det. Dieselbil er ei kostnadsfelle i framtida og kjem til å vere dyrt å bruke. Vi må folk over på elbil som er eit rimeleg og godt val.

Det seier Unni Berge, kommunikasjonsleiar i Elbilforeininga.

Ho meiner at politikarane no må slutte å snakke ned elbil i distrikts-Noreg, og peikar då særleg på Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Eg vil gjerne utfordre Vedum på å kvitte seg med myten om at folk i distrikts-Noreg treng dieselbil, seier Berge.

– Vil ikkje straffe

Vedum meiner på si side at Senterpartiet er veldig opptatt av å legge til rette for elbilar.

– Vi er opptekne av at vi må ha ladarar på mindre stadar, også for næringstransport som til dømes taxi. Slik at det reelt sett er mogleg å bytte ut den bilen du har og kjøpe elbil. Det vi ikkje ønsker er å straffe dei som brukar den gamle bilen sin nokre år til, seier Vedum.

Også bilorganisasjonen NAF set no klare krav til politikarane som ein følgje av rekordstort sal av elbilar.

– No brenn det under føtene på politikarane. Norsk elbilpolitikk er ein suksess, men lade-infrastrukturen langs vegane heng ikkje med i utviklinga, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF.

Renate og Stian Berge Løvfald med ny elbil

GODT NØGDE: Ekteparet Berg Løvfald meiner at fossbilar uansett er på veg ut og at det er heilt rett å investere i elbil.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Ikkje mykje negativt

Enklare ladeløysingar og lengre rekkevidde, er to av årsakene til den store veksten i talet på nye elbilar i distrikta, meiner Tore Fossen i Berge og co.

– Folk har innsett at det å lade er noko du gjer heime. Fleire og fleire burettslag bygger ladestasjonar for dei som bur der, noko som også hjelper mot angsten om å ikkje ha straum til bilen, peikar han på.

Dei siste månadane er nær alle nye bilar dei har seld heilelektriske.

– Dei fleste som kjem inn har alt bestemt seg for at dei skal ha el.

I Florø er Renate Berg Løvfald og ektemannen Stian godt nøgde med at gjekk for elbil som sin nye bil.

– Den ladar hurtig og har lang rekkevidde. Vi ser ikkje så veldig mykje negativt med det å ha elbil eigentleg.

– Kva tenker de om veksten vi no ser?

– Det er ikkje overraskande når du ser det fokuset som er på teknologi og klima.

Vekst i elbilsalet

Elbilandel nybilsalg

Prosentvis vekst i elbilandel

August 2020

August 2021

aug.20-aug.21

Østfold

50.0%

71.0%

41.0%

Akershus

56.0%

77.0%

38.0%

Oslo

63.0%

76.0%

19.0%

Hedmark

48.0%

64.0%

36.0%

Oppland

42.0%

64.0%

53.0%

Buskerud

47.0%

62.0%

33.0%

Vestfold

54.0%

71.0%

31.0%

Telemark

52.0%

67.0%

30.0%

Aust-Agder

46.0%

56.9%

25.0%

Vest-Agder

44.0%

65.0%

48.0%

Rogaland

52.0%

76.0%

47.0%

Hordaland

66.0%

81.0%

22.0%

Sogn og Fjordane

35.0%

62.0%

76.0%

Møre og Romsdal

39.0%

65.0%

69.0%

Trøndelag

54.0%

72.0%

34.0%

Nordland

36.0%

68.0%

87.0%

Troms

36.0%

64.0%

77.0%

Finnmark

22.0%

51.0%

135.0%

Norge

53.0%

72.0%

36.0%

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Opplysningskontoret for vegtrafikken