Hopp til innhold

Avslutta etterforskinga av rektor

Politiet har avslutta etterforskinga mot rektoren frå Sogn, som er sikta for nedlasting av overgrepsbilete av born på internett.

- Eg har skrive innstillinga, og saka er send til statsadvokaten som avgjer om det skal takast ut tiltale, seier politiadvokat Erling Melvær til Sogn Avis.

Ein rektor frå Sogn vart i august pågripen for å ha lasta ned overgrepsbilete av born på ei datamaskin.

Politiet har ransaka og kverrsett den aktuelle PC'en, og den sikta rektoren har vore utestengd frå skulen medan etterforskinga har pågått.

Skuleleiaren har heile tida nekta for at han har lasta ned overgrepsbilete frå internett.

Ifølgje Sogn Avis vil ikkje Melvær uttale seg ytterlegare før statsadvokaten har behandla saka.

Han seier dei har gått gjennom alle beslag som er gjort, og at det er snakk om fleire datamaskiner enn den eine som stod i den tidlegare bustaden til mannen.