Hopp til innhold

Rettssak mot rektor er utsett

Rettssaka mot rektoren i Sogn som er tiltalt for å ha lasta ned overgrepsbilete av tenåringsjenter, er utsett.

Det var i august i fjor at skuleleiaren frå Sogn vart pågripen og politiet gjorde beslag i ei datamaskin som inneheldt overgrepsbilete mot tenåringsjenter.

Saka skulle etter planen opp i Sogn tingrett neste veke, men forsvararen har no kravd ytterlegare politietterforsking. Saka er difor utsett.

- Mangelfull politietterforsking

Det er ein omfattande tiltale den tiltalte rektoren må svare for i Sogn tingrett. På datamaskina til mannen fann politiet minst 350 bilete og to filmar der tenåringsjenter vert utsette for seksuelle overgrep.

Politiet meiner dei kan bevise at rektoren har gjort seg skuldig i lovbrota, og rettssaka mot mannen skulle ha starta i tingretten i Sogn neste veke.

Men forsvararen til mannen, Louis Anda, meiner politietterforskinga av saka har vore mangelfull.

- Det tok relativt lang tid før forsvaret fekk straffesaksdokumenta, og etter å ha gått gjennom dette meinte vi det var fleire manglar ved etterforskinga, seier Anda til NRK.

Det vart difor gjort nye avhøyr i saka, som igjen gav grunnlag for endå nokre avhøyr, fortel Anda.

Krev at saka vert ytterlegare etterforska

Forsvararen har no kravd ytterlegare etterforsking og påtalemakta har difor utsett saka til dette er gjort.

- Det har kome fram ting i avhøyra som gjer at vi meiner ein må undersøkje nærare kor vidt det kan ha vore framande som hadde tilgang til den aktuelle datamaskina, seier Anda.

Forsvararen til rektoren meiner dette er svært viktig for saka.

- Det er heilt sentralt for oss å få avklara om det er tiltalte eller andre som har fått desse bileta og dokumenta inn på datamaskina, seier Anda til NRK.

Politiadvokat Erling Melvær stadfestar at saka er utsett, men vil utover dette ikkje gje ytterlegare kommentarar.