– Dette er piss i havet.
Det seier Jessica Hough, marinbiologirådgjevar i Miljøstiftelsen Bellona. Ho reagerer på at regjeringa foreslår å styrke arbeidet med Oslofjorden med 100 millionar i neste års statsbudsjett.
Jessica Hough meiner regjeringa pissar i havet med ei tildeling på 100 millionar kroner til Oslofjorden.
Foto: BellonaSpesielt at det er sett av 18 millionar kroner til ei tilskotsordning for nitrogenfjerning, meiner Hough er altfor lite.
– 18 millionar kroner til tilskotsordning for nitrogenfjerning er eit piss i havet. Det kostar milliardar av kroner for kommunar å oppgradere reinseanlegg, sånn at dei faktisk kan reinse nitrogen.
– Vi er glade for at det blir løyvd midlar til Oslofjorden, det er eit viktig steg. Men vi kan ikkje late som om problemet med nitrogenforureining løyser seg lokalt, seier Hough.
Ho peikar på at nitrogenforureining er den største trusselen mot Oslofjorden, og at det krev statlege investeringar i milliardklassen for å oppgradere reinseanlegga som skal redusere utsleppa.
– Å skyve ansvaret for nitrogenreinsing over på kommunane, og da rekninga over på innbyggarar, er rett og slett uansvarleg.
Her bruker Sarpsborg kommune 1,7 milliardar for å bygge eit reinseanlegg med nitrogenfjerning.
Foto: Ingrid Mathilde Langvik / NRK– Skulle berre mangle
Sarpsborg er éin av kommunane rundt Oslofjorden som er i gang med å bygge nytt reinseanlegg for å møte dei nye krava om nitrogenreinsing.
Prislappen for kommunen er nå på 1,7 milliardar kroner.
– Rekninga for det reinseanlegget blir send direkte til innbyggarane i Sarpsborg, så at regjeringa bidrar med 100 millionar kroner skulle berre mangle, seier ordførar i Sarpsborg, Magnus Arnesen (H).
Simon Kline er også marinbiolog og jobbar for Bellona. Han meiner små tilskotsordningar og budsjettpostar ikkje er nok.
Ifølge han er dette eit budsjett der Oslofjorden tapar.
– Det er for mykje fokus på mange små tilskotsordningar og mange små budsjettpostar. Desse 100 millionar kronene vil ikkje redde Oslofjorden når ansvaret blir pusha på dei lokale kommunane igjen og igjen og igjen, seier Kline.
Simon Kline meiner regjeringa ikkje kan legge ansvaret for å redde Oslofjorden på kommunane aleine.
Foto: Sissel Forsberg / NRKHan meiner regjeringa må ta mykje større ansvar sentralt når det gjeld desse store reinseanlegga.
– Regjeringa kan ikkje late som at dette problemet kjem til å løyse seg lokalt. Å innføre fiskeforbod og gi pengar til marinrestaurering er kjempebra, men med så lite pengar kjem det ikkje til å gi ein så altfor stor effekt, seier Kline.
– Nesten ein vits
MDG skal i tida framover forhandle med regjeringa om deira forslag til statsbudsjett.
Stortingsrepresentant for partiet, Une Bastholm, er skuffa over at statsministeren og regjeringa ikkje gjer meir for ei sak dei fronta sterkt før valet.
Une Bastholm i MDG er skuffa over regjeringa.
Foto: Patrick da Silva Sæther– I valkampen nemnde Støre Oslofjorden som éi av sine viktigaste politiske saker. Det løftet skal MDG halde han til når vi skal forhandle, seier Bastholm.
Ho meiner at 100 millionar er ein drope i havet for Oslofjorden.
– Skarve 18 millionar til nitrogenreinsing av kloakk er nesten ein vits, og ikkje i nærleiken av det som trengst for å sikre framdrift, seier Bastholm.
– Veldig gledeleg
Direktør for Oslofjordens friluftsråd, Espen Søilen, er derimot langt meir positiv til forslaget om 100 millionar kroner til Oslofjorden.
– Dette er veldig gledeleg. Det viser at regjeringa meiner alvor med orda. Vi kan sjølvsagt sette spørsmålsteikn ved kor langt vi kjem med 100 millionar kroner, men dette er i alle fall ein veldig god start, seier Søilen.
Espen Søilen meiner 100 millionar kroner er eit viktig steg i rett retning.
Foto: Heidi GomnæsHan håpar staten nå vil hjelpe kommunane meir framover og bli meir aktive i arbeidet med å redde fjorden.
– Vi treng ein litt meir aktiv stat for å leie prosessane som skal til for at kommunane bygger effektiv avløpsreinsing, men det er mange ting å ta tak i. Vi håpar at vi gjennom behandlinga i Stortinget kan få tilført endå meir middel til desse viktige tiltaka.
Meiner det må sjåast i samanheng
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen får gjennomgå etter forslaget om statsbudsjett.
– 100 millionar aleine er ikkje nok for å redde Oslofjorden. Men dette må sjåast i samanheng med alt det andre vi gjer.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen får gjennomgå.
Foto: NTBEriksen viser til at dei har pålagt kommunane å bygge reinseanlegg, stilt strenge krav til landbruket om å redusere haustsprøyting, og at dei har fått på plass kraftige tiltak retta mot fiskarane. Han seier at alt dette i sum gir stor effekt for Oslofjorden.
– Forstår du at 100 millionar til arbeidet høyrest lite ut gitt alvorsgraden på tilstanden i Oslofjorden?
– Eg kan forstå det, men vi bruker jo ikkje berre 100 millionar. Dette er nye 100 millionar som kjem på toppen av dei pengane vi allereie bruker.
Eriksen seier at tilskotsordninga for nitrogenfjerning, skal legge til rette for at kommunane skal kunne planlegge reinseanlegg saman.
– Dette er eit ansvar kommunane har hatt i fleire tiår allereie, men ikkje tatt, seier ministeren.