Regjeringa vil dekke til Fedje-ubåten

Etter årevis med utgreiingar og avgjerdsvegring, har regjeringa endeleg bestemt seg for kva dei vil gjere med kvikksølv-ubåten ved Fedje. På Fedje er dei ikkje nøgde med avgjerda.

U-864 animasjon

SKAL DEKKAST TIL: Regjeringa går inn for å dekke til vraket av U-864, og ikkje heve det.

Foto: Kystverket (animasjon)

U-864, også kjend som ubåten ved Fedje, blei oppdaga i 2003. Sidan då har det blitt diskutert korleis ein best kan hindre forureining av kvikksølv frå lasta i ubåten.

Det er brukt 140 millionar kroner på utgreiingar om kva ein skal gjere med ubåten med 67 tonn kvikksølv i lasta.

No går regjeringa inn for å dekke til vraket, og set av 30 millionar i statsbudsjettet slik at Kystverket kan starte arbeidet. Tildekkinga skal vere ferdig sommaren 2020.

– Det har vore ein lang og vanskeleg avgjerdsprosess for å endeleg avgjera handteringa av U-864, og eg meiner ein no må gjera eit val, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Denne løysinga har lågast miljørisiko og er òg tilrådd av Kystverket og ei rekkje fagmiljø, skriv Samferdsledepartementet i pressemeldinga.

– Det er brei fagleg tilslutnad til at tiltaket med minst risiko for miljøet er tildekking, difor vel regjeringa det, seier Dale.

Kystverket på tokt vest av Fedje i Skandi Skolten

UNDERSØKTE VRAKET: Ubåten ligg på botn av sjøen utanfor øya Fedje i Hordaland. Kystverket har i fleire år laga utgreiingar om korleis ein best kan hindre kvikksølvutslepp frå vraket.

Foto: Kystverket

Ordførar vil framleis ha heving

Dermed er det tatt ei avgjerd i ei sak som har skapt enormt engasjement på Fedje i Hordaland, og hovudbry for fleire regjeringar. Mange innbyggjarar har uroa seg for farane ved kvikksølvet i ubåten.

I sommar møtte den dåverande samferdsleministeren, Ketil Solvik-Olsen, innbyggjarane på Fedje under eit folkemøte om ubåten. Han lova då at regjeringa skulle ta ei avgjerd til hausten.

Tidlegare har både Framstegspartiet og Høgre gått inn for heving av vraket, men i regjering blei altså konklusjonen ein annan.

Høgre-ordførar i Fedje kommune, Stian Herøy, er nøgd med at det kjem pengar over statsbudsjettet, men vil framleis ha ei anna løysing for ubåten.

– Det er positivt at regjeringa vil bruke pengar på ubåten. Så håpar eg at vi klarer å flytta pengane frå tildekking til heving av vraket.

Han vil ikkje sei at han er skuffa over avgjerda frå regjeringa.

– Dette er som forventa. No er det opp til oss å overtyde regjeringa om at det går an å løyse dette på ein betre måte.

Samferdsleminister Jon Georg Dale seier han har forståing for at mange på Fedje framleis ynskjer heving. Meldinga til dei som er urolege for å bu nær ubåtvraket, er likevel klar.

– Det klare rådet vi har fått er at det tryggaste vi kan gjere er å dekke til vraket. Det er det som gir minst risiko.

Folkemøte om Fedje-ubåten

UROA: Oppmøtet var stort då innbyggjarane på Fedje fekk møte samferdsleministeren på eit folkemøte om ubåten i juni.

Foto: Elise Angell / NRK

– Det beste miljøtiltaket

Kystverket har lenge argumentert for at å dekke til vraket er den beste løysinga. Dei meiner det er knytt lågare risiko til å dekke til vraket enn å freiste å heve det.

– Kystverket har fire gonger tilrådd tildekking av vraket, fordi vi meiner det er det beste miljøtiltaket både på kort og lang sikt, så vi er nøgd med at regjeringa følgjer våre råd, seier beredskapsdirektør Johan Marius Ly.

Han trur det er realistisk å halde tidsplanen om at arbeidet skal bli ferdig i 2020, om handsaminga av budsjettet i Stortinget ikkje tar for lang tid.

At å dekke til vraket er best for miljøet, er ikkje Arild Hermstad, talsperson i MDG, samd i. Han meiner det er naudsynt å få kvikksølvet bort.

– Dette er ikkje ei reell avklaring, fordi denne metoden ikkje vil fjerne den enorme risikoen som kvikksølvet på havbotnen representerer, seier Hermstad.

– Regjeringa burde bestemt seg for heving, sjølv om det kan gi høgare kostnader på kort sikt.

Samferdsleminister Jon Georg Dale avviser at kostnadene ved ei eventuell heving har vore avgjerande.

– Nei, det er dei miljøfaglege vurderingane som gjer at vi konkluderer slik vi gjer.