Hopp til innhold

Regjeringa innfører plikt til å melde inn grunnundersøkingar

– Informasjon om grunnforhold og naturfare kan vere livsviktig for å førebygge ulykker frå flaum og skred. Eg er derfor glad vi nå gjer det obligatorisk å melde inn, seier energiminister Terje Aasland.

Framtidige grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar skal meldast inn til høvesvis Noregs geologiske undersøking (NGU) og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Data og rapportar som blir melde inn blir dermed offentleg tilgjengelege og kan brukast av andre.

Lov og forskrift vil tre i kraft 1. januar 2025.

Arne Høisæther

Arne bur på leire: – Eg søv ikkje godt når elva er stor

FØRDE (NRK): Arne Høisæther minst enno korleis grunnen raste ut då han var liten gut. Gjerdrum-ulukka viser at rassikring må prioriterast høgare, meiner Huseiernes Landsforbund.