Tre gonger det siste året har Vestland fylkeskommune teke initiativ til ein nasjonal konferanse for flaumsikring.
Like mange gonger har regjeringa takka nei til å delta.
«Stryn-seminaret» skulle vere eit svar på Riksrevisjonens tilsynsrapport frå mars 2022 som avdekte store etterslep i førebuingane til eit villare og våtare klima.
Frå NVE, KS og leiar i Transportkomiteen på Stortinget var svaret på invitasjonen i alle tilfelle det same: Dette ville dei delta på.
Rom og konferansesal vart difor booka ved Hotel Alexandra i Loen.
Men frå regjeringa var responsen meir avmålt.
Trass ein serie «sterke oppmodingar» frå fylkesordførar Jon Askeland (Sp) sa tre ulike departement i tur og orden nei til invitasjonen.
Postlistene viser at Kommunal- og distriktsdepartementet (KMD) og Klima- og miljødepartementet (KLD) takka nei i oktober; medan Olje- og energidepartementet (OED) vende tommelen ned i februar.
Heller ikkje eit tilbod om å tilpasse programmet til flytidene til og frå Oslo – «slik at det skal vere mogleg for deltakarar å delta utan å måtte overnatte» – var nok til å få regjeringsmedlemmene på glid.
Seminaret vart derfor avlyst, i alle tre tilfelle.
Tre gonger har Jon Askeland (Sp) teke initiativ til eit nasjonalt seminar for flaumsikring. Like mange gonger har regjeringa takka nei til å delta. I sum er løyvinga til flaum- og skredførebyggjande arbeid 590 millionar kroner i 2023.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK– Underleg, skuffande og spesielt
– Dette seier diverre mykje om kor pulverisert og lite avklart ansvaret for flaumsikring og klimatilpassing er i regjeringa, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.
Han legg til:
– Etter «Hans» er eg ganske sikker på at det same ikkje kjem til å skje neste gong det kjem eit slikt prisverdig initiativ, men det er ille at det må ei så dramatisk hending til for at regjeringa skal vakne opp.
– Dette seier diverre mykje om kor pulverisert ansvaret for flaumsikring er, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.
Foto: Annika Byrde / NTBTil NRK seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp) at det var «underleg», «skuffande» og «spesielt» at regjeringa møtte han med ei kald skulder, og at han «håpar og trur at 'Hans' gir eit nytt løft i flaumsikringsarbeidet».
– Du treng ikkje vere rakettforskar for å skjøne at vêret blir villare, seier han.
NRK sende fredag spørsmål til regjeringa om invitasjonen til «Stryn-seminaret», men har førebels ikkje fått svar.
OPPDATERING: Klokka 19.29 kom det svar frå departementet. Sjå under.
I Aftenposten seier fylkesordføraren i Innlandet og varaordføraren i Viken at ekstremvêret den siste veka «tvingar fram ei nødvendig evaluering».



MJØSA: Slik ser det ut i Mjøsa ved Vingrom torsdag.
FOTO: FRODE MESKAU / NRK– Kritisk at vi har gode verktøy for å førebyggje flaumskadar
Askeland meiner fylkeskommunen bør ha ei nøkkelrolle som «totalentreprenør» ved flaumsikring.
– Å gjennomføre fysiske sikringstiltak krev éin byggherreorganisasjon. Då har vi betre føresetnadar enn den fragmenterte staten til å samhandle med kommunane og få ting gjort, seier han.
Bakgrunnen er rapportar om flaumsikringsprosjekt som blir «kasteballar» i systemet fordi ulike forvaltingsnivå (stat, fylke og kommune) ikkje snakkar godt nok saman.
I Innvik i Stryn kommune i Vestland har til dømes «særs nødvendige flaumsikringstiltak» ikkje vorte gjennomført fordi nødvendige avklaringar står att. Dette sjølv om prosjektet er ferdig prosjektert og planlagt.
Ved sikringstiltak kan NVE normalt dekkje inntil 80 prosent av kostnadene ved tiltaket, kommunen eller private må dekkje resten.
Foto: Thomas MørchFor å oppdatere kunnskaps- og avgjerdsgrunnlaget i møte med hyppigare og større flaumar sette Støre-regjeringa i fjor ned ei arbeidsgruppe («Totalberedskapskommisjonen»).
– Klimaendringane gjer at det er kritisk at vi har gode verktøy for å førebyggje flaum- og skredskadar. Dette handlar om at folk skal kjenne seg trygge, uttalte olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).
Den ferdige rapporten «No er det alvor – Rusta for ei uviss framtid» vart publisert i byrjinga av juni. Blant tilrådingane er å styrkje det regionale nivået.
Elleve dagar seinare (16. juni) la klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) fram ei melding om korleis Noreg skal bli meir «klimarobust».
Blant tiltaka er «styrking av det lokale klimatilpassingsarbeidet».
Meldinga «Saman for eit klimarobust samfunn» er no til behandling hos Stortinget, og blir supplert med ein meir konkretisert og forpliktande melding neste år.
– Kommunane har ei nøkkelrolle i arbeidet med klimatilpassing, uttalte klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) ved framlegginga av «Klimarobust»-meldinga i juni.
Foto: Gunnar Sætra / NRK– Regjeringa får svare for prioriteringane sine
Helge Eide er direktør for Samfunn, velferd og demokrati i KS, Kommunesektorens organisasjon.
Han seier til NRK at han «sette stor pris på initiativet frå Vestland fylkeskommune» («Stryn-seminaret»), og at «regjeringa får svare for prioriteringane sine».
– Fleire lyttepostar og møtepunkt er ikkje eit mål i seg sjølv, seier han.
– Men vi håpar jo at regjeringa er lydhøyr for behova også når dei kjem frå viktige aktørar i kommunesektoren.
Bonde Oskar Renslo har mistet over 400 rundballer i flommen.
Flere av rundballene som ble tatt av elva har havnet på riksvegen.
Ødeleggelser på veien til Rukkedalen.