– Det er naturleg at storsamfunnet hjelper til. Sogn og Fjordane får til saman litt i overkant av 35 millionar kroner. 27 millionar går til fylkeskommunen, 6,7 millionar til Stryn kommune og 1,3 millionar kroner til Gloppen kommune, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H)
Regjeringa har no klart kor mykje Gloppen, Stryn og Sogn og Fjordane fylkeskommune får etter at Utvik og Breim vart råka av storflaumen i sommar.
Vegar og anna infrastruktur fekk store skader under det vanvitige regnvêret.
Søkte om 68 millionar får 35
Det har vore knytt store forventningar til statleg hjelp, no er fasiten klar: Staten bidreg med om lag halva. Dette har også vore praksis ved tidlegare naturskadehendingar her til lands.
– Dette er pengar som skal hjelpe kommunane med å bygge opp att infrastruktur. Det er ein eigendel i den støtta vi gir. Vi har faste summar å halde oss til, men her har kommunar og fylket jobba godt, og vi er opptekne av å gi støtta raskt, seier Sanner.
Om lag som venta
– Dette er rett i underkant av 50 prosent, noko som er i samsvar med det vi har fått ved tidlegare naturskadar, seier fylkesordførar Jenny Følling.
Følling er glad for pengane, men seier dei berre hjelp eit stykke på veg:
– Dette vil hjelpe, men det er klart at når vi får så store skader så er ein eigendel på 28 millionar kroner mykje pengar.
Følling ynskjer ei ordning med betre kostnadsdekking ved naturskadar.
– Vi jobbar med å få opp ei sak om ei meir føreseieleg ordning som dekkjer meir av kostnadane. KS jobbar også med saka.
Fylkeskommunen har hatt naturskadar for 300 millionar sidan 2010, berre 150 millionar er dekka av staten.
– Det blir mykje pengar av dette, pengar som eigentleg skal gå til veg og skular. Det viktigaste no er at vi har fått reparert fylkesveg 60 og fått på trafikken igjen.
Skader for store summar
Flaumen i Utvik og Breim den 24. juli kom etter at alvorleg store nedbørsmengder råka dei to bygdene. Nedbøren i Nordfjord kom uvanleg lokalt etter timevis med torever.
Totalt har fylkeskommunen i Sogn og Fjordane søkt om 55 millionar kroner i erstatning. Stryn kommune har søkt om 9,8 millionar, medan Gloppen har søkt om 2,8 millionar kroner.
Med andre ord har Stryn kommune fått dekka to tredjedelar av utgiftene, medan dei to andre har fått litt under halve kostnaden dekka.
I tillegg er det gjort store skader på private eigedomar. Finans Norge har tidlegare hatt eit kostnadsanslag på 70 millionar kroner etter å ha fått meldt inn nær 130 skader.