I kladden til vedtak sa staten nei til større vindturbinar – men no seier staten ja

Statsforvaltaren sa nei til vindkraftutbyggaren i eit arbeidsdokument som vart sendt ut ved eit uhell. Motstandarane rakk å juble, men no har pipa fått ein annan lyd.

Lutelandet-plan

VILLE AUKE STORLEIK: Utbyggar har søkt om utfylling i sjøen og om å auke rotordiameteren frå 135 meter til 150 meter.

Illustrasjon: Multikonsult AS

– Dette var svært uventa. No blir det gjort ein u-sving som er heilt uforståeleg sett opp imot grunngjevinga Statsforvaltaren tidlegare har gjort, seier Karl-Jan Erstad.

Han er blant dei som har engasjert seg mot vindkraftprosjektet på Lutelandet i Fjaler kommune.

Protestar mot auka rotordiameter

I mars 2020 sa kommunen ja til at utbyggaren av Lutelandet vindpark kunne auke rotordiameteren på vindturbinane frå 135 til 150 meter og fylle ut i sjøen for å bygge veg.

Då kom klagene, og mai skrev Statsforvaltaren i Rogaland at klagarane fekk medhald.

Det var berre eitt problem.

Skrivet viste seg å vere ein kladd, og skulle ikkje ha vore sendt ut.

No er endeleg vedtak gjort og Statsforvaltaren kjem til motsett konklusjon: Klagarane får ikkje medhald.

Det var Firda som melde om vedtaket først.

– Tvilsamt

I kladden la Statsforvaltaren vekt på at dumping i sjøen vil gå utover område som er brukt til friluftsliv som småbåttrafikk, fisking og rekreasjon.

Erstad meiner det i arbeidsdokumentet frå Statsforvaltaren var gode faglege grunngjevingar, men er kritisk til argumentasjonen i det faktiske vedtaket.

– Der forlèt ein ei heil argumentasjonsrekkje og gjekk over til å vise til eit skriv frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) til Statsforvaltaren i Agder – som fekk følger for andre statsforvaltarembete, seier Erstad.

– Sett opp imot at ein skal bygge på likskap for lova og at det skal vere godt fagleg grunngitt, er dette svært tvilsamt.

Konkluderte annleis i kladden

Fordi Statsforvaltaren i Vestland er ein av klagarane, er det Statsforvaltaren i Rogaland som har handsama saka.

– Konklusjonen vår blir at klagen ikkje blir teke til følge. Vi legg stor vekt på det kommunale sjølvstyret, seie ravdelingsdirektør i Samfunnsavdelinga hos Statsforvaltaren i Rogaland, Monica Nessa.

– Kvifor har ein kome til så ulike konklusjonar i arbeidsdokumentet og vedtaket?

– I ei så stor sak er det alltid fleire som jobbar med saka. Då dukkar det opp nye moment undervegs. Dei måtte sjå på betydninga av konsesjonssaka, klagen som var behandla og KMD sine uttaler.

Er fornøgd med vedtaket

Stig Svalheim er dagleg leiar i Lutelandet Energipark. Han er fornøgd med vedtaket og seier det skapte ein del uvisse då kladden kom ut.

– Eg var litt bekymra dersom konklusjonen skulle bli teke på grunnlaget som låg i kladden, seier han.

Han legg til:

– Vi er tilfreds med at Statsforvaltaren støttar dispensasjonsvedtaket Fjaler kommune tidlegare gjorde.

Begynner montering i august

Svalheim seier dei no held fram utbygginga som planlagt. Infrastruktur som vegar, fundament og oppstillingsplassar er klare.

– Turbinmontasjen byrjar i august. Forhåpentlegvis er det eit anlegg i full, normal drift frå årsskiftet, seier Svalheim.

Erstad seier motstandarane av prosjektet til no ikkje har drøfta om dei kan ta saka vidare, men han er ikkje særleg optimistisk.

– Det finst i utgangspunktet no berre to moglegheiter: Sivilombodsmannen og eventuelt rettssystemet. Men vi ser mellom anna frå Haramsfjellet at rettssystemet ikkje førte fram.