Hopp til innhold

Redde for at «Noregs vakraste strand» skal sluke bygda

Stranda har fleire gonger blitt kåra til den vakraste i Noreg. No fryktar bygdefolket at Refviksanden skal forsyne seg av dyrka mark og hus.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kritkvit og langstrekt ligg stranda ytst mot storhavet.

Refviksanden lokkar til seg både turistar og lokalbefolkning i hopetal på fine solskinsdagar, men også på dagar der vinden uler og bølgene slår hardt mot land.

Men bak strandidyllen kjempar bygdefolket ein hard kamp.

Tone Refvik bur 50 meter frå Refviksanden i Kinn kommune. Ho er fødd og oppvaksen i Refvik, og ser med eigne auge korleis sanden har flytta seg nærare huset hennar.

– Det er skummelt. Eg vil ikkje at sanden skal kome rett utanfor inngangsdøra mi. Det verst tenkelege er at husa forsvinn, seier ho.

Tone Refvik

STRAND VED INNGANGSDØRA: Tone Refvik vil ikkje ha den idylliske Refviksanden ved inngangsdøra si.

Foto: PRIVAT

I fleire år har sanddynene ete seg innover mot dyrka mark etter at sårbare sanddyner har blitt øydelagde. Når desse tek skade, kan det føre til at vinden bles sanden innover land.

Det var Fjordenes Tidende som skreiv om saka først.

Det er gjort fleire avgrensingar for å hindre at problemet veks seg større, likevel blir det blir etterlyst større tiltak.

– Vi vil ha stranda der ho ligg, men vi må gjere noko for framtida, meiner Refvik.

Nokre steinkast frå Refviksanden bur 87 år gamle Jakob Nybakk. Spesielt dei siste åra har han merka at området har endra seg.

– Held dette fram, så kan det skje mykje, meiner Nybakk.

Jakob Nybakk

NÆRASTE NABO: Jakob Nybakk er næraste nabo til Refviksanden.

Foto: ERLING WÅGE

Fylle på sand på sanden

Grunneigarlaget vil at det skal bli gjort meir. Dei vil fylle på med sand for å hindre erosjon av sanddynene, men er på same tid uroa for at prislappen kan ende på millionar.

– Dette er svært viktig, særleg for oss som bur her. Et det seg vidare innover bygda, seier det seg sjølv kva som skjer til slutt, seier leiar for grunneigarlaget, John Egil Eriksen, til Fjordenes Tidende.

Han er også uroa for kva slags effekt taretråling i området har for stranda og sanddynene sin del.

Refviksanden

IDYLL: Refviksanden ligg mellom bygda Refvik og storhavet.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

– Nasjonalskatt

Refviksanden er eitt av fire sanddyneområde av sjeldan naturtype i Vestland. Kvar sommar kjem tusenvis for å bade eller overnatte på den populære stranda i Nordfjord. Det er ein av årsakene til at sanddynene er truga.

Både Klima- og miljødepartementet og Statsforvaltaren har løyvd pengar for å hindre slitasje på sanddynene.

I eit samarbeid mellom Statsforvaltaren og grendelaget er det gjort fleire tiltak. Mellom anna er det ikkje lov til å telte på strandkanten. Seniorrådgjevar ved miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland, Tore Larsen, meiner tiltaka har fungert.

Refviksanden

BEKYMRA: Mange er bekymra for at Refviksanden tek mier og meir over landskapet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det ser ut til at vi har klart å stogge prosessen så langt, men vi håpar vi får flytta sanddynefronten lenger ut på stranda, seier Larsen.

Han satsar på ein tur til Refviksanden for å sjå korleis det ser ut etter vinteren, for å diskutere vidare tiltak med bygdefolket.

Stortingspolitikar for Venstre, Alfred Bjørlo, kallar Refviksanden for ein nasjonalskatt. Han vil bruke meir pengar for å ta vare på den populære badestranda og området rundt.

Det er ikkje berre eit fint friluftsområde, det er også ei bygd der det bur folk. Vi må ta vare på bygda, seier Bjørlo.

Refviksanden

STRAND: I 2017 blei Refviksanden kåra til den finaste stranda i Noreg av lesarane til klikk.no.

Foto: ERLING WÅGE

Hei!

Har du innspel til andre saker? Send meg gjerne ein e-post.