Hopp til innhold

Redd ungane blir mobba

Grunneigarar som seier ja til vindkraft vil ikkje stå fram fordi dei fryktar at ungane deira vil bli mobba. Fleire vindkrafttilhengarar har dei siste dagane fortalt at dei blir sjikanerte og drapstruga. Grunneigar Gunnar Råheim (biletet), som har sagt ja til vindkraft ved Viksdalsvatnet i Sunnfjord, er fortvilt. – Det er trist det må vere slik, seier han.

Gunnar Råheim i Viksdalen
Foto: Bård Siem / NRK