Hopp til innhold

– Eg er framleis sint, og godtek ikkje kva som helst

HØYANGER (NRK): Rune «Suen» Sviggum klarte ikkje la pennen ligge lenge etter at han slutta som redaktør i Ytre Sogn.

Redaktørskifte i Ytre Sogn

KVILER IKKJE: Rune «Suen» Sviggum (t.v.) vedgår at det blir ei utfordring å gå frå engasjert redaktør til engasjert på sidelinja. – Eg trur ikkje at eg er i stand til å gjere samfunnet betre, men eg kan vel vere i stand til å peike på ting som kan bli betre, gjort betre eller annleis enn i dag, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Allereie første dagen som pensjonist hadde han lesarinnlegg på trykk i avisa han har styrt i 20 år.

– Det kan hende det kjem meir også. Eg får sjå kva som irriterer meg utover i veka, ler han.

Nok var nok

For i haust bestemte den profilerte redaktøren seg for at nok var nok. Og det i jubileumsåret for Ytre Sogn.

SJÅ VIDEO: Avtroppane redaktør i Ytre Sogn, Rune «Suen» Sviggum, vedgår at det er litt vemodig å gi seg.

– Då var det like greitt å gi seg 100 prosent. Eg var også 20 år i Sogn Dagblad. Over 40 år får vere bra det, seier han og kjenner seg trygg på at han overlèt ei ultralokal skute som skal segle godt inn i framtida.

– Her er det barnehageungar som får besøk av brannbilen, det er jenter som reiser i Garden, skuleklassar som lagar dekorasjonar til jul og så vidare. Om du klarer å bli så lokal, så vil slike ting i lang tid halde liv i avisene, seier han.

Redaktørskifte i Ytre Sogn

KAKEFEST: Både tidlegare kollegaer og andre var med å takke av redaktøren som for 20 år sidan starta opp Ytre Sogn, Rune «Suen» Sviggum.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Skriv rett frå levra

Høyang idrettslag er mellom dei som har vore mykje omtala i avisa. Sjølv om omtalen ikkje alltid har vore like positiv, har også dei sett stor pris på redaktøren sitt arbeid.

– Han har gjort mykje bra. Skrive mykje rett frå levra, men slik må det vere. Vi toler det, smiler styremedlem i idrettslaget, Idar Henning Måren.

Sveinar Høyheim, leiar i idrettslaget, skildrar «Suen» som ein fargeklatt i lokalsamfunnet.

– Han er jo fritalande og du veit aldri kvar du har han, ler han.

Ekkel oppleving

Redaktørskifte i Ytre Sogn

KAKE: Redaktøren vart fredag takka av med kakefest i redaksjonslokala i Høyanger. Marsipankaka var pynta med roser og bilete av «Suen», til orda «Takk for 20 fine år Suen».

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Og det har industrisamfunnet gjort til gangs. Spesielt med tanke på Fundo-konkursen tilbake i 2009. Det er den mest spesielle hendinga «Suen» trekkjer fram gjennom sine 20 år som redaktør i lokalavisa.

Nyhenda fekk han tidleg for å få den med i avisa. Så konkursen visste han om før tilsette ved felgfabrikken visste det sjølve.

– Eg fekk spørsmål frå to mødrer som jobba ved Fundo, og sa eg ikkje visste noko. Det følte eg var litt ekkelt. Eg visste at folk hadde mista jobben, før dei, seier han.

Skal vidareføre

Redaktørskifte i Ytre Sogn

TEK OVER: May-Britt Eide (t.h.) kjenner på forventingane når ho overtek redaktøransvaret etter Rune «Suen» Sviggum. – Kjenner litt på det å ta over ei avis etter ein redaktør som har vore med frå starten og som folk i Høyanger identifiserer avisa med, seier ho.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

May-Britt Eide er kvinna som no tek over redaktøransvaret i avisa. Eide vedgår at ho kjenner ansvaret tynge, men lovar å vidareføre den ultralokale avisa som er nært på folk – der folk er.

Avisa har sidan 2012 hatt ein jamn auke i abonnentar. I 2016 var talet oppe i 1.400. Avisa gjekk også med 600.000 i overskot.

– Vi skal ikkje kvile på lauvbæra. Vi skal stå på vidare for å få fleire lesarar både av nett- og papiravisa, forsikrar ho.