Hopp til innhold

Nasjonalpark føreslått med «lokalpolitisk støtte» – kommunen har aldri diskutert saka

Øystesefjella er ein av fire nye føreslåtte nasjonalparkar i Noreg. Kommunen avviser at dei har sagt ja eller nei til forslaget.

Vossadalen, Kvam

UTVIDA VERNEOMRÅDE: Den føreslegne nasjonalparken ligg på begge sider av Øystesevassdraget, som vart verna i 2019.

Foto: Sindre Skrede / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Me har ikkje uttrykt lokalpolitisk støtte eller motstand, fordi me har ikkje høyrt noko som helst frå direktoratet før me såg det i media, seier ordførar i Kvam, Torgeir Næss (Ap).

Han har sendt brev til Miljødirektoratet og bede om grunngjeving for den påståtte lokalpolitiske støtta.

Saka vart først omtalt av Hordaland Folkeblad.

Overraska

Miljødirektoratet skriv at dei nasjonalparkalternativa som ikkje er forkasta, har lokal støtte.

Denne lokale støtta ser ikkje Næss heilt kvar kjem frå. Han vart overraska då regjeringa i september opplyste at dei ynskja å gje fjella nasjonalparkstatus.

– Me ynskjer å ha ein lokalpolitisk medverknad, og då må me høyra med grunneigarar, næringsinteresser, naturverninteresser og turlag, seier Næss.

Ordførar Torgeir Næss i Kvam herad

MEIR FAKTA: Ordførar i Kvam herad, Torgeir Næss (Ap) vil ikkje seia om han for eller i mot nasjonalparken før han har fått meir fakta på bordet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ordføraren vil ikkje seia om han er for eller i mot den føreslåtte nasjonalparken.

– Viss eg måtte velja, så vel eg ikkje no. Eg vel når me har fått den informasjonen me er avhengige av for å ta ein avgjerd.

Kvam kommune var invitert til eit webinar om temaet i februar, men stilte ikkje med politisk deltaking, berre med representant frå administrasjonen.

Ein av fire moglege

Øystesefjella er ein av fire nye potensielle nasjonalparkar i Noreg, saman med Masfjordfjella, Hornelen og Sunnmørsalpane.

Kartet nedanfor viser Miljødirektoratet si skisse til nasjonalparken.

Den tynne streken i midten som ikkje er markert i kartet, er Øystesevassdraget, som vart verna i 2019.

Her er en kartskisse som viser en mulig utstrekning av Øystesefjellene nasjonalpark

SKISSE: Kartskissa viser ein mogleg utstrekning av Øystesefjella Nasjonalpark, mellom Fyskesund og Kvamskogen i sør, og Bergsdalen i nord.

Foto: Miljødirektoratet

– Må vel ligga godt til rette for nasjonalpark

I turområda rundt det føreslåtte området har Torkjell Stangeland funne fram skia, sjølv om det blæs og er lite snø.

Han meiner fjellpartiet passar ypparleg til ein ny nasjonalpark.

– Dersom det hadde blitt endå betre skiforhold, hadde det vore fantastisk. Det tek ofte litt tid med sånne saker med utgreiingar, men det må då ligga godt til rette for ein nasjonalpark her, skulle ein tru, seier Stangeland.

Torkjell Stangeland

POSITIV: Turgåar Torkjell Stangeland seier gjerne ja til nasjonalpark.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Forstår dialogbehovet

Seksjonsleiar Knut Fossum i Miljødirektoratet seier han forstår behovet for betre dialog med kommunane.

– Me registrerer at dei saknar informasjon om både prosessen, og kva ein nasjonalpark kan bety. Den dialogen som no skal vera mellom kommunen og statsforvaltaren trur me fører til eit betre grunnlag for å ta stilling til det, seier Fossum.

Fossum seier at første skritt no er å avklara med kommunane i området om dette er ein prosess dei ynskjer å gå inn i.

Det er no statsforvaltaren i kvart fylke som har som oppdrag å ha dialog med kommunane om nasjonalparkane.