Hopp til innhold

Reagerer på Hurtigruten si klimaomstilling: – Eit klimahavari

Hurtigruten har fleire gongar sagt at dei skal byggja gassmotorar og batteridrift i seks av skipa sine, men framleis har ikkje noko skjedd. – Det byrjar å likna eit klimahavari, seier miljørørsla.

Hurtigrutene møtes i Trondheim

MØTAST: Både MS «Kong Harald» og MS «Richard With» var blant skipa som etter planen skulle få nye gassmotorar og batteridrift. Her møtest dei i Trondheim i januar.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

1. januar i år byrja den nye kystruteavtalen å gjelde. Innan den tid skulle skipa til Hurtigruten bli meir miljøvenlege.

Det lovde Hurtigruten i april 2018.

Det minste, MS «Vesterålen» skulle få ein meir miljøvenleg dieselmotor, medan dei seks største skipa skulle få flunkande nytt maskineri med gassmotorar og batteri.

Tre år seinare er det berre MS «Vesterålen» som er bygd om, og motorane til tre av skipa er avbestilte.

Framleis er det er ikkje bestemt kva som skal skje med dei tre siste.

– Dette er altfor dårleg når me skal visa fram det norske flaggskipet langs kysten vår, seier Arild Hermstad, nestleiar i Miljøpartiet dei Grøne.

Han legg til:

– Det byrjar å likna eit klimahavari.

Arild Hermstad framfor Hurtigruten

REAGERER: Arild Hermstad, nestleiar i MDG og partiet sin fyrstekandidat på Stortingslista frå Hordaland, meiner Hurtigruten må setja omstillingsplanane dei har lova ut i live.

Foto: Øyunn Kåset / MDG

Oppfyller konsesjonen

I konsesjonen var det krav om at utsleppa skulle ned med 25 prosent. Det oppfyller Hurtigruten ved å bruka biodiesel, opplyser selskapet til Nord24.

– Eg meiner Noreg skal ha som mål å vera det fyrste utsleppsfrie landet innan sjøfart. Då må det fremste ikonet, Hurtigruten, gå på hydrogen og batteri, seier Hermstad.

Til Nord24 seier Hurtigruten at prisen på kvar ombygging kjem til å auka frå 200 millionar til om lag 600 millionar, og at det tek lenger tid å byggja om kvart skip enn føresett.

Korona har også gjort prosessen vanskelegare.

– Om det har vist seg å bli teknisk krevjande og veldig dyrt å byggja om til gassmotorar, så forventar me iallfall at dei brukar den same mengda pengar på å installera større batteripakkar, seier Marius Gjerset, teknologiansvarleg i miljøstiftinga Zero.

Marius Gjerset, teknologiansvarlig i Miljøstiftelsen ZERO

DROPE I HAVET: – Utsleppskutt frå Hurtigruten ville hatt ein kjempestor effekt, meiner Marius Gjerset, teknologiansvarleg i miljøstiftinga Zero.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / ZERO

Gjekk for den beste løysinga

– Slike prosjekt er veldig ofte underkalkulerte før ein byrjar, seier Vilmar Æsøy, professor i maritime energisystem ved NTNU Ålesund.

Han er ikkje overraska over at prosjektet til Hurtigruten vart dyrare enn venta.

– Dei fleste ombyggingsprosjekt, iallfall når dei omfattar ny teknologi, blir alltid mykje dyrare enn det som var antatt. Det skjer nesten alltid.

I dag finst det ikkje hydrogen eller heilelektriske løysingar som kunne passa Hurtigruten sine behov.

– Den løysinga som er god nok, er den som Hurtigruten var skissert med. At det har blitt dyrare er eigentleg veldig synd, seier Æsøy.

Vil finna løysingar saman

Hurtigruten har ikkje hatt høve til å stilla til intervju, men svarar på e-post at dei framleis har som mål å segla utsleppsfritt.

– Me er no i sluttfasen for forhandlingar om nye tekniske løysingar som vil kutte utsleppa. MDG og Zero kritiserer oss utan å ha nokon som helst kjennskap til planane våre, skriv pressevakt Tarjei Kramviken.

Dei viser samstundes til at dei har installert landstraum på alle kystruteskipa sine, og at dei slutta å segla på tungolje for ti år sidan, sjølv om det enno er lov.

MDG og Zero blir også inviterte til å finna løysingar som kan gjera skipsfarten grønare, raskare.

Det er eit møte Arild Hermstad gjerne vil vera med på.

– Ja. Eg ser fram til å møtet sånn at me saman kan få Hurtigruten til det flaggskipet det bør vera.