Hopp til innhold

Rasmus (75) har 700.000 visningar på TikTok

BALESTRAND (NRK): På appen TikTok går han under namnet «raspekaka», men eigentleg er det barnebarnet Olav (13) som styrer showet.

Olav Brudvik Sunde viser fram den mest sette TikTok-en av bestefar Rasmus Sunde

300.000 VISNINGAR: Olav Brudvik Sunde viser fram den mest sette videoen av bestefaren.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Hugsar du kva du skal seie? spør Olav Brudvik Sunde.

Han skal filme ein video til appen TikTok og fortel bestefar Rasmus Sunde kva han skal gjere framfor kamera. Olav tel ned, og på tre sklir Rasmus inn i biletet, akkurat som han har fått beskjed om.

– Det blei bra, seier Olav medan han redigerer videoen på telefonen.

Det heile starta med at Olav sjølv brukte appen. I samråd med dei andre barnebarna til Rasmus fann han ut at også bestefaren måtte ut på nett.

– Han har hatt opptredenar i bursdagar og liknande og vi tykte det var morosamt, så då tenkte vi at han kunne komme på TikTok, fortel Olav.

Når dei er saman, lagar dei fleire videoar om gongen. Ideane kjem frå barnebarna sjølve eller ønskje frå sjåarane.

Rasmus Sunde med barnebarn

KREATIVE: Rasmus Sunde tykkjer barnebarna har mange gode idear til TikTok-videoar.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Dei er så kreative. Det er veldig spennande at dei klarer å få til desse scenene og at det slår an, seier Rasmus.

Stort publikum

No har videoane deira vore sett heile 700.000 gongar. I tillegg har brukaren no over 3500 følgjarar. I byrjinga sette dei eit mål om 1000 følgjarar. Som takk lova dei at dei skulle farge håret til Rasmus når målet var nådd.

– Då sa eg at eg skulle farge håret svart, sånn som Elvis, fortel Rasmus.

Og løftet heldt dei. Olav og dei andre barnebarna sprayfarga håret til bestefaren svart. Det heile vart sjølvsagt filma til TikTok.

– Det er artig underhaldning for oss, òg. Ikkje berre for dei som ser på det, men også innanfor familien, seier Rasmus.

Fekk bestemme namn sjølv

Då barnebarna oppretta ein brukar til Rasmus, spurde dei han kva den skulle heite.

– Då foreslo eg «raspekaka». Det hadde eg som kallenamn då eg var liten fordi eg likte så godt raspekake, fortel Rasmus.

– Veldig morosamt namn, stadfestar Olav.

Trur det kan slå an

Marika Lüders, professor ved Institutt for media og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo trur at ein bestefar på TikTok er noko som kan tiltrekke seg merksemd.

– Når ein scrollar gjennom feeden er det jo i hovudsak relativt unge menneske. Også er det somme eldre som når i gjennom og er noko anna.

Ho trur også at dette kan vere ein fin aktivitet så lengje innhaldet er positivt ladda i form av korte humoristiske videoar.

– Dette verkar jo som ein aktivitet på tvers av generasjonar som er positivt og hyggjeleg og noko ein gjer i lag, seier Lüders.

Rasmus (75) har 700.000 visningar på TikTok

MED PÅ LEIKEN: Rasmus lagar TikTok-videoar saman med barnebarna.