Hopp til innhold

Evakuerte ventar framleis på geolog

Familien som sist søndag fekk eit jordras i huset sitt ved Havnen i Førde, får ikkje vurdert rasfaren før over helga.

Jordmasser trefte hus på Ulltang

Småbarnsfamilien på fire vart evakuert etter at eit jordras gjekk mellom huset og garasjen deira ved Havnen, like utanfor Ulltang i Førdefjorden.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Familien til Atle Havnen vart evakuerte etter raset søndag .

- Vi lir ikkje naud, men eg tykkjer ventetida blir i drygaste lage, seier huseigar Atle Havnen til avisa Firda.

- Kan hyre andre

I mellomtida må familien på fire bu i mellombels husvære. Fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes seier at det først måndag eller tysdag er mogleg å vurdere skredfaren på Ulltang.

- Eg har ikkje høve før, og eg forstod det slik at det ikkje var noko problem. Men dersom kommunen ville, kunne dei henta inn annan ekspertise. Kommunen står fritt til å t.d. bruke eit konsulentfirma, om dei ønskjer, seier han til avisa.

Video nsps_upload_2009_1_12_19_17_29_2189.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Urimeleg

Ordførar i Førde, Nils Gjerland, er samd med Havnen om at over ei veke ventetid på geolog, er for lenge.

- For meg høyrest det heilt urimeleg ut, at det skal gå meir enn ei veke før risikoen for nye skred blir vurdert. Dette er ei uønskt og akutt hending, og då må ein få gjort dei naudsynte undersøkingane raskt, seier han.