Etter at geolog Bjørn Falck Russenes slutta i sommar, har fylket stått utan fylkesgeolog.
- Beredskapen er ikkje god nok, vedgår fylkesordførar Nils R. Sandal.
LES OG;
Fylkeskommunen utan geolog
Fylkeskommunen sa opp stillinga til fylkesgeologen då NVE fekk ansvaret for rasberedskapen i landet.
Dette skjedde mellom anna for å heve kompetansen.
GEOLOG;
- Det kan vere ulike årsaker til at dette ikkje fungerer. Men vi vil kople dei ulike miljøa mellom Høgskulen i Sogndal og NVE i Førde mellom anna. Men det er viktig at vi får opp kompetansen, seier Sandal.
- Men dette fungerer tydelgevis ikkje på NVE sitt regionkontor i Førde?
- Dette er ikkje godt nok. Då må også fylkeskommunen vere med og sjå på korleis dette kunne vore betre slik at kommunane får den hjelpa dei treng, seier fylkesordføraren.
LES OG;
Knallhard kritikk av NVE
Norges vassdrag- og energidirektortat, NVE, får hard kritikk etter det dramatiske raset på Årdalstangen.
Etter raset i Ålesund i mars i fjor, der fem menneske omkom, fekk NVE ansvaret for rasberedskapen her i landet.
Men i dag måtte altså ein pensjonert fylkesgeolog køyre fire timar i bil frå Bergen til Årdal fordi NVE ikkje hadde kompetente folk tilgjengeleg.
- Dette er heilt uhaldbart, seier teknisk sjef i Årdal kommune, Jan Roy Dalheim.
LES OG;
- Kan ikkje belage oss på pensjonistar
- Eg synest dette er eit stort tilbakesteg. Det er ein uhaldbar situasjon. Vi kan ikkje rekne med at ein pensjonist stiller opp i tide og utide, seier Dalheim.
Han undrar seg over beredskapen.
- Neste gong ein slik situasjon oppstår må vi kanskje hente folk frå andre stader om ikkje det er ein geolog som kan rykke ut i fylket. Det vil då vere folk som ikkje kjenner problematikken slik Bjørn Falck Russenes gjer.
- Vi har laga ein avtale med Russenes om at vi kan ta kontakt med han om vi treng han. I dag var vi så heldige at han kunne stille opp. Det er etter avtale med NVE i Førde. Dei har nemleg ikkje kompetanse på dette enno, seier Dalheim.
Kastar vekk viktige minutt
Han er svært glad for å kunne kalle inn Russenes sidan han kjenner fjella godt.
- NVE svarte at vi måtte skaffe geolog sjølve. Vi kunne gått på andre geologar, men valde Russenes. Skulle vi funne andre ville mista verdifull tid.
- Kva meiner du konsekvensen av dette er?
- Vi brukar mykje tid på å finne fram til riktige fagfolk om ikkje vi har nokon i den jobben i fylket, meiner Dalheim.
Avviser kritikken
Regiondirektør i NVE, Gunnstein Brakestad, hevdar at dei berre har eit førebyggjande ansvar og ikkje har ansvaret for å kontrollere raset på Årdalstangen.
- Det må vere heilt klart at det er kommunane som sit på ansvaret for dette, seier han.