Ein av Norges fremste sykkelekspertar, Johan Kaggestad i TV2, er svært lite nøgd med deler av dagens Tour des Fjords-etappe frå Os til Bryggen i Bergen sentrum.
I eit ufyseleg regnvêr vart rittet det komplette kaos då hovudfeltet sykla i feil retning etter å ha passert Puddefjordsbroen i Bergen sentrum.
Men det som får Kaggestad til å reagere, er det som skjer mot slutten av rittet. For sykkelinteresserte som følgde innspurten på fjernsyn, kunne sjå at syklistane forserte både parkerte bilar og bussar som stod i vegen, mellom anna på Årstad og i Sandviken.
– Dei burde skamma seg
Sykkeleksperten hevdar fleire bussjåførarar har ignorert vaktene som passar på at ingen uvedkommande tek seg inn i løypa når syklistane nærmar seg.
– Eg er sjokkert over busselskapa som køyrer mot vaktene, ignorerer dei og skapar farlege situasjonar når dei køyrer mot syklistar som kjem i 70–80 kilometer i timen, seier ein opprørt Kaggestad.
– At hovudfeltet sykla feil er no ein ting, men det var bussane som tok knekken på meg i dag.
– Ærleg feil
Skyss driv bussrutene i Bergen og Hordaland for fylkeskommunen.
Marknadssjef Hanne Alver Krum avviser at nokre av deira sjåførar med vilje har ignorert vaktene i sykkelløypa.
– Men det har vore ein episode der ein buss køyrde ut i traseen. Alt tyder på at det ikkje var ein vakt til stades akkurat der, så det er snakk om ein ærleg feil, seier Krum til NRK.
– Trafikken vart stoppa for seint
I tillegg til Skyss sine bussar, er det framleis mange turistbussar att i Bergen. Skyss meiner trafikken inn til sentrum vart stoppa alt for seint då rittet nådde Bergen, samt at det var manglande vakthald.
– Det førte til at bussane våre hopa seg opp i sentrum, og når bussane da står langs traseen så blir det trongt. Saman med arrangørane vil vi gå gjennom rutinane for tilrettelegginga for å hindre at noko slikt skjer igjen.
– Det er komplisert å gjennomføra sykkelritt i store byar. Men vi må klare dette i Norge også. Under VM neste år vil løypa vere heilt stengd, seier dagleg leiar Roy Hegreberg i Tour des Fjords.
– Ansvaret er vårt, saman med politiet, Vegvesenet og dei lokale arrangørane.
Skryt av VM-løypa
Deler av traseen som syklistane køyrde gjennom i Bergen i dag, er den same som skal nyttast i sykkel-VM neste år.
Men då er tryggleiksnivået enno høgare, og alle gater vil bli stengd av med gjerde.
– Det vart jo ein bra generalprøve, med tanke på at ein har lært mykje av dagen i dag, kommenterer Kaggestad, som meiner det vil bli spektakulært i Bergen neste år når verdseliten skal kjempa om VM-gull.
– Det kjem til å bli eit usedvanleg spennande ritt gjennom Bergens smale gater og bratte bakkar, avsluttar Kaggestad.