Kristoff forbanna etter arrangørtabbe i VM-løypa

Alexander Kristoff og resten av Tour de Fjords-hovudfeltet køyrte feil, og i løypa mot mål hamna ryttarane i trafikk-kaos. – Skandale, seier Kristoff til TV2.

Kristoffer kommer i mål

FRUSTRERT: Alexander Kristoff var ikkje fornøgd med Tour de Fjords-arrangøren etter å ha sykla feil på veg mot mål i Bergen sentrum.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Eg har ikkje opplevd maken. Normalt sett hadde feltet blitt nøytralisert. Dette var merkeleg, seier ein irritert Alexander Kristoff til TV2.

– Det er litt skandale, legg han til.

Her gjekk det gale

På veg inn mot mål køyrte ryttarane rett fram etter Puddefjordsbroen, og rett inn i ein tunnel.

Det skulle dei ikkje ha gjort. For vegen inn i tunnelen bar rett ut av løypa, og hovudfeltet måtte snu i tunnelen for å komme tilbake på riktig veg.

På det tidspunktet var feltet med Kristoff i spissen på jakt etter utbrytargruppa, som fekk eit stort forsprang på grunn av feilkøyringa.

Atle Kvålsvoll

KRITISERER ARRANGØREN: Team Sparebanken Sør-sportsdirektør Atle Kvålsvoll.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Det var ingen skilt eller ingen som viste veg, så vi køyrte bare rett fram, seier Kristoff om kaoset i neste års VM-løype.

Arrangøren beklagar

Det er altså på dette tidspunktet at Kristoff meiner at juryen burde stoppe utbrytargrupppa til hovudfeltet fekk tatt igjen ryttarane i brudd.

Dagleg leiar for Tour des Fjords innrømmer at arrangørtabben i VM-løypa var pinleg.

– Det fekk store konsekvensar og det er berre å legga seg flat og beklaga. Me skal sørge for at dette ikkje skjer igjen, seier Roy Hegreberg til NRK.

Han forklarar at det er dommaren som har øvste myndigheit og bestemmer om rittet må nøytraliserast. Det var ifølge han sett opp eit skilt i krysset på Puddefjordsbroen, men at skiltet av ukjende årsakar var fjerna.

Måtte navigere seg mellom bilar og bussar på veg til mål

Kristoff og feltet klarte aldri å ta igjen utbrytargruppa, der Leigh Howard frå IAM var best i spurten og vann etappen.

Med mindre enn tre kilometer til mål blei det igjen dramatisk. Arrangøren hadde ikkje rydda vegane i Bergen sentrum for trafikk, og plutseleg måtte ryttarane navigere seg mellom bilar og bussar som hadde tatt seg inn i løypa.

Det er komplisert å gjennomføra sykkelritt i store byar. Men vi må klare dette i Norge også. Under VM neste år vil løypa vere heilt stengd, forsikrar Hegreberg.

Team Sparebanken Sør-sportsdirektør Atle Kvålsvoll var raskt ute med kritikk av arrangøren på Twitter.

«Sorry @TourDesFjords men dette var ille.Løpet skulle selvfølgelig vært nøytralisert når feltet kjørte feil.Biler overalt i tillegg.FARLIG»

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Slalåm 1. omgang, menn
V-cup alpint
V-cup alpint: slalåm 1. omgang, menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup alpint: Slalåm 1. omgang, kvinner
V-cup alpint
V-cup alpint: slalåm 1. omgang, kvinner
V-cup skiskyting: Stafett menn
V-cup skiskyting
V-cup skiskyting: stafett menn