Riksveg 15 er framleis stengd etter at ein bil vart fanga mellom to ras på Skredestranda mellom Nordfjordeid og Stryn natt til søndag. To bilar vart fanga mellom rasa. Her er det venta at oppryddingsarbeidet tek til med dagslyset. Tilrådd omkøyring er via riksveg 651 og fylkesveg 60.
I tillegg er det lenger aust på riksveg 15 kolonnekøyring over Strynefjellet på grunn av uvêr.
- Les også:
E39 Romarheimsdalen i Nordhordland er framleis stengd etter at det gjekk eit nytt ras over hovudfartsåra på Vestlandet. Vegen er planlagt opna tysdag.
- Les også:
Fleire vegar som er stengde klokka 06:
- Riksveg 13 Vikafjellet–Blir ikkje opna i dag
- Fylkesveg 50 Hol – Aurland har kolonnekøyring
- Fylkesveg 53 Årdal–Tyin
- Fylkesveg 152 Ulvastad–Menes
- Fylkesveg 241 Gudvangen–Bakka - Blir ikkje opna i dag
Få fleire oppdateringar på nrk.no/trafikk
STORE RAS: Skredestranda i Hornindal er stengd etter fleire ras.
Foto: Statens vegvesen