Hopp til innhold

Sperra inne av ras - vegen blir ikkje opna att før tidlegast måndag

Rv 15 / E39 er stengd etter at det i natt gjekk tre jordras ved Skredestranda mellom Stryn og Nordfjordeid. To bilar blei ståande fast mellom rasa, fem personar blei berga ut av området.

To bilar nær ved å bli tekne av rasa som gjekk på Skredestranda natt til søndag.

REIN FLAKS: Denne bilen blei ståande mellom dei to rasa som no sperrar Rv 15 / E39 mellom Stryn og Eid. Foto / redigering: Silje Kristin Guddal

Ifølgje politiet blei dei tre jordrasa meld inn klokka 03.20 i natt, og mannskap rykte ut for å hjelpe til, i tillegg til at vegtrafikksentralen blei varsla.

NRK sin reporter på staden fortel at rasa har gått rett vest for der det store raset gjekk i november 2013, som sperra Rv 15 / E39-strekninga i fleire dagar.

– Det ser ut som det har starta høgt oppe i fjellet som eit snøskred, og seinare delt seg i eit stort og eit litt mindre ras. Midt mellom rasa står ein bil forlaten og har gjørme opp etter sidene, fortel reporter Silje Kristin Guddal.

Løsna høgt oppe i fjellet

Det første raset er eit gjørme- sørpeskred, på andre sida av bilen er raset to meter i høgde med jord, stein, grantre i ein god blanding.

– Det må vere utruleg flaks for dei som var i bilane at dei ikkje blei treft av rasa. Massane har gått vegen ned i Hornindalsvatnet, og raska med seg og øydelagt om lag 200 meter av autovernet, fortel Guddal.

Margot Åsebø i Statens vegvesen opplyser til NRK søndag ettermiddag at det er i alt tre ulike ras som har gått over Rv. 15 i Skredestranda.

– Rasa har løsna høgt oppe og rasområdet er like vest for det store skredet 15. november 2013. Det ligg ein del rasmassar av jord, stein og tre i vegbana. Rekkverk og straumlinja forbi staden er øydelagt, opplyser Åsebø.

Ikkje opning i dag

Ho fortel at geologar er på veg til staden og vil synfare området med helikopter dersom det er flyvêr.

– Vi vil starte opprydding når geologane meiner det er forsvarlig å arbeid i området. Vegen vert i alle høve ikkje opna i dag. Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi har fått synfart området, seier Åsebø.

Straumnettet råka

Anbefalt omkøyring frå Statens vegvesen er Rv 651 Stigedalen og Fv 60 Stryn/Utvikfjellet.

Skredestranda er eit område som også tidlegare har blitt råka av store jordskred, mellom anna i november 2013.

Rasa har også ført til problem på straumnettet. Fleire master blei tekne av rasmassane, og kring 30 straumabbonentar i området blei råka.

Skredestranda