Hopp til innhold

Rapport tilrår å legge ned flyruta mellom Førde og Bergen

Ein rapport frå Møreforsking meiner at flyruta mellom Førde og Bergen bør leggast ned. Men ordførarane i Sunnfjord vil heller kjempa for betra rutetider.

Widerøe fly - Førde lufthamn

KAN VERE HISTORIE: For få brukar flyruta mellom Førde og Bergen meiner Møreforsking.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Vi meiner ruta mellom Førde og Bergen er viktig og har eit stort utviklingspotensial, seier Førde-ordførar Olve Grotle (H).

Tysdag kom rapporten frå Møreforsking Molde AS, som kjem med forslag til offentlege kjøp av regionale flyruter i Sør-Norge frå 2020 til 2024. Eit av forslaga er at ruta mellom Førde og Bergen vert fjerna som FOT-rute og nedlagt. FOT er ei ordning der staten går inn og finansierer flytilbod på strekningar der det ikkje er kommersielt lønnsamt å drive flyrute.

Det var Firdaposten som først omtalte rapporten.

Vil kjempa

Rapporten til Møreforsking er skriven på bestilling frå Samferdsledepartementet og er ein del av arbeidet med å få innspel til den nye konkurransen om regionale ruteflygingar i Sør-Norge frå 1. april, 2020.

Mathias Råheim

BLIR DYRT: Mathias Råheim (H) er ordførar i Gaular.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Der er ei av anbefalingane å ta vekk Førde-Bergen som FUT-rute grunna for låg trafikk.

– Vi jobbar hardt med å få betra rutetilbodet til Bergen og aktiviteten vil nok gå betydeleg opp om vi får meir tilpassa den situasjonen som er behov for, seier Gaular-ordførar Mathias Råheim (H).

Han får støtte frå Grotle.

– Vi vil at dei skal sjå på betre reisetider enn det som er tilfellet i dag, slik at det passar betre for reisande. Då vil flytrafikken også auke, seier Grotle.

Olve Grotle

VIL KJEMPE: Ole Grotle er ordførar i Førde.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Om ikkje ruta mellom Førde og Bergen vert rekna som FOT-rute må kommersielle aktørar inn, elles forsvinn rutetilbodet dersom tilrådinga til Møreforsking vert tatt til følgje.

I Florø vart alle flygingane kommersielle i 2016. Der gjekk trafikken ned med 18 prosent det første året, i tillegg til at det vart dyrare og færre ruter.

Nytt storfylke

Frå 1. januar 2020 vert Sogn og Fjordane og Hordaland eitt fylke og regionhovudstaden vert Bergen.

– Då vil det bli større trafikk mellom dei to tidlegare fylka. Det er ting vi kjem til å peike på framover i kampen for å få behalda flytilbodet. Det har vi gjort før og det skal vi klara igjen, seier Grotle.

Svein Bråthen

VIL LEGGE NED: Svein Bråthen er professor i transportøkonomi ved Høgskulen i Molde og forskingsleiar i Møreforsking.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Tala frå Møreforsking viser at det i 2024 vil vera 75 prosent tomme seter på flya mellom Førde og Bergen. Derfor meiner dei at rutetilbodet bør leggast ned.

– Vi har sett på kva det kostar for folk å reise mellom Førde og Bergen, både med fly og alternativ transport. Vi har ikkje gått tungt inn i rutetilbodet, men vi trur ikkje at trafikken vil bli nemneverdig påverka av fylkessamanslåinga, seier Svein Bråthen som er professor i transportøkonomi ved Høgskulen i Molde og forskingsleiar i Møreforsking.

Samferdsledepartementet skal no ha heile rapporten ut på høyring.