Hopp til innhold

Raida Sør-Norge på fire veker

I løpet av fire veker slo dei tre mennene til i Hordaland, Rogaland, Oslo og Sogn og Fjordane. No må mennene møte i retten.

Innbrot Narvesen Sogndal

FESTA PÅ KAMERA: Politiet meiner å kunne knyte dei tre mennene til innbrotet og tjuveriet frå Narvesen i Sogndal i mai.

Foto: Overvakingskamera/Politiet

Mennene vart i mai pågripne med store mengder tobakksvarer og eit større pengebeløp på ein campingplass i Eid etter eit innbrot i Coop Olden i Stryn.

Under etterforskinga har politiet kunne knyte dei til langt fleire innbrot, enn berre det i Olden.

Beslag i Eid.

BESLAG: Alt politiet meiner mennene stal i Sogn og Fjordane, kom til rette under pågripinga 23. mai.

Foto: Politiet

– Mennene er tiltalt for sju innbrot og grove tjuveri, samt fire innbrotsforsøk. Alt i løpet av fire veker, opplyser etterforskingsleiar Jetmund Bjørdal hos eininga Mobile Vinningskriminelle i Bergen.

Vart hindra

Tiltalen omhandlar tjuveri av varer og kontantar for over 700 000 kroner.

– I tillegg vil det bli teke omsyn til skadeverket som vi meiner mennene har utført under innbrota, seier Bjørdal.

Beslag i Eid.

TOBAKK: I hytta til mennene vart det funne tobakksvarer til ein verdi av nær 300 000 kroner.

Foto: Politiet

Politiet meiner å kunne knyte mennene til innbrot i Time i Rogaland, Voss i Hordaland og Sogndal. Innbrotet i Stryn utgjer åleine 260 000 kroner. Tjuvane som slo til mot Narvesen-kiosken i Sogndal vart fanga på kamera .

Politiet meiner også å kunne knyte mennene til innbrotsforsøk i lagerlokala til ein tobakksfabrikk i Oslo, ein gullsmed i Odda, ein Coop-butikk i Time og ein Joker-butikk på Voss. Her skal tjuvane ha blitt forstyrra og måtte avbryte innbrota.

Snus beslaglagt.

SNUS: Mennene forklarte at dei fekk varene levert på døra av nokre polakkar.

Foto: Politiet

– Det er typisk for mobile vinningskriminelle å krysse politidistrikt og gjere fleire innbrot over kort tid, seier Bjørdal.

Sit på DNA-spor

Mennene har, med unntak av ein som har norsk statsborgarskap, site varetektsfengsla sidan pågripinga i mai. Dei har heile vegen nekta for kjennskap til innbrota, og står fast på at dei fekk pengane og tobakksvarene levert på døra . Under pågripinga fann politiet også store mengder verkty som dei mistenkjer er nytta under innbrota.

Beslag i Eid.

KONTANTAR: Politiet gjorde beslag i nær 50 000 kroner i kontantar.

Foto: Politiet

Politiet meiner å sitje på sterke bevis i form av DNA-spor, fotavtrykk, elektroniske spor og bompasseringar. Ein fellesnemnar er også at dei fleire stader har saga seg gjennom tak og veggar under innbrota.

– Mennene har ikkje ville gje noko meir forklaring utover det som vart sagt i første fengslingsmøte, men vi meiner å ha sydd saman ei grei sak for retten, seier Bjørdal.

Stakk av frå soning

Det er berre tjuvegodset i Sogn og Fjordane som har kome til rette.

I tillegg til innbrota og innbrotsforsøka, er den eine tiltalt for å ha stukke av frå soning av ein tidlegare dom .

Røyk beslaglagt i Eid.

TOBAKK: I tillegg til tobakk, meiner politiet at mennene har stole klede, sko og frimerke frå butikkar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: Politiet

Mannen vart i september i fjor dømd til 4,5 år fengsel for å ha medverka til tjuveri av verdiar på over to millionar kroner frå heile landet. I tillegg er han no tiltalt for å ha nytta falsk legitimasjon under pågriping.

– Parallelt med straffesaka blir det også køyrt sak på utvisingsvedtak. Det er opp til utlendingsstyresmaktene å avgjere den, seier Bjørdal.

Seks års fengsel

Det er sett av ei veke til hovudforhandlinga som startar i Bergen tingrett 14. november. Strafferamma i saka er fengsel i inntil seks år.

Kva påstand påtalemakta vil leggje ned er uvisst.

– I og med at saka er så pass omfattande, med store verdiar som er stolne, så ser vi føre oss ei lengre fengselsstraff, seier Bjørdal.

Advokat Jarle Gjengedal forsvarar den eine av mennene. Han ynskjer ikkje å kommentere saka. Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå dei ytterlegare forsvarande i saka.