Hopp til innhold

«Fekk varene levert på døra»

Mennene som er pågripne og sikta for innbrot og tjuveri i Nordfjord, meiner to polske menn lurte dei til distriktet.

Politiadvokat Erling Melvær saman med advokat Paul Inge Angelshaug.

NÅDDE FRAM: Politiadvokat Erling Melvær (t.v.) nådde fram med kravet om varetektsfengsling av dei sikta etter innbrotet i Olden i helga. Paul Inge Angelshaug (t.h.) er forsvarar for den sikta mannen i 20-åra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tre menn frå Kosovo er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, samt delvis isolasjon. Mennene er sikta for eit innbrot i Coop Marked i Olden, tjuveri av ein hengar med lydutstyr og kjennemerke frå ein bil i Eid.

Politiet frykta at mennene kunne øydeleggje bevis eller flykte frå landet om dei ikkje vart varetektsfengsla.

Røyk beslaglagt i Eid.

BESLAG1: Politiet fann store mengder tobakk i hytta som mennene disponerte.

Foto: Politiet

- No må vi få inn svar på DNA-prøvar frå åstadane og få analysert desse. Vi må kartlegge kvar dei sikta har vore og undersøke forklaringane deira opp mot andre vitne, seier aktor Erling Melvær hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Skulle få arbeid

Etter tips frå publikum vart mennene pågripne natt til måndag på ei campinghytte i Eid. På hytta fann politiet både verkty, store mengder tobakksvarer og eit større pengebeløp.

Snus beslaglagt.

BESLAG 5: Det vart funne store mengder snus i hytta til mennene.

Foto: Politiet

Til politiet har mennene forklart at dei var i området for å finne seg arbeid. To polske menn skulle hjelpe dei med dette. Mennene, som er i 20- og 40-åra, har forklart at polakkane lagra varene og pengene i hytta.

Politiet festar ikkje lit til denne forklaringa.

- Nei, den er lite truverdig. Dei forklarer seg også ulikt om ei rekkje omstende, seier Melvær.

Rømde frå fengsel

Beslag i Eid.

BESLAG 2: Eit større pengebeløp vart også funne i hytta.

Foto: Politiet

Ein av dei sikta vart i september dømd til 4,5 år fengsel for å ha medverka til tjuveri av verdiar på over to millionar kroner frå heile landet. Mannen skal ha rømt frå fengselet i Bergen.

I domen skildrar Bergen tingrett mannen som del av ein organisert kriminell gjeng, med høg kompetanse.

Under pågripinga i Eid gav han opp falske personalia. Han var den einaste av dei tre sikta som samtykka til varetektsfengsling.

Beslag i Eid.

BESLAG 3: Politiet arbeider vidare med å spore kvar tobakken kjem frå.

Foto: Politiet

Politiet sikre

Den yngste av mennene, vart i april dømd for liknande forhold som han no er sikta for. Domen er anka og såleis ikkje rettskraftig. Den siste av dei sikta, er tidlegare bøtelagt for tjuveri.

Politiet mistenkjer dei tre for å vere del av ein organisert bande og utelukkar ikkje at mennene kan ha stått bak fleire innbrot i distriktet siste tida .

Mellom anna forsvann det store mengder tobakk og snus frå eit innbrot hos Narvesen i Sogndal. Det har også vore innbrot på Voss i mai. Frå Tools i Førde forsvann varer for ein halv million kroner .

Beslag i Eid.

BESLAG 4: Dei tre sikta hevda varene vart levert på hytta av to polske menn.

Foto: Politiet

- Mennene er pågripne og vi har funne tjuvgods på hytta dei disponerte. Den eine er ein driven kriminell som sonar ein dom for akkurat det same som han no er sikta for. Vi er sikre på at dei er involvert, men vi må bruke tida no på å få avklara kva rolle dei har, seier Melvær.