Hopp til innhold

Her slår tjuvane til mot Narvesen

Mobile vinningskriminelle har slått til fleire stader på Vestlandet den siste tida. Narvesen-butikken til Per Sverre Moe i Sogndal vart rasert natt til onsdag.

Tjuvar slår til mot Narvesen i Sogndal

KRYPANDE: Tjuvar slo natt til onsdag 18. mai til mot Narvesen-butikken i Sogningen Storsenter i Sogndal. All tobakk og snus vart stole.

Foto: Overvakingskamera/Politiet

NRK.no har fått tilgang til overvakingsbilete frå då tjuvane tek seg inn i Narvesen-butikken på Sogningen Storsenter natt til onsdag 18. mai. Tjuvane saga seg gjennom totalt tre veggar for å komme seg inn i butikken.

Butikkeigar Per Sverre Moe seier det er ekkelt og ubehageleg at innbrotstjuvar har vore inne i butikken hans.

– Det var ikkje kjekt å sjå på overvakingsbileta. Dei kom som ormar på golvet, og dei ålte seg som slangar framover. Det var veldig ubehageleg å sjå på. I alle fall når ein får dei så tett innpå seg, seier Moe til NRK.no.

Var på besøk i butikken tidlegare på dagen

Innbrot Narvesen Sogndal

BESØK: Tjuvane var innom butikken ved 19-tida på 17. mai.

Foto: Overvakingskamera/Politiet

Tjuvane fekk med seg all tobakk og snus i butikken, men totalbeløpet er enno ikkje kjent. Det er ingen pengar i butikken etter stengjetid, så tjuvane fekk ikkje med seg kontantar.

Det er butikkeigaren glad for, sidan det var over 2000 kundar innom butikken på nasjonaldagen. Overvakingskamerane fanga opp to menn, truleg i 40-åra, klokka kvart på sju 17. mai. Ifølgje politiet oppførte dei seg mistenkjeleg, og politiet mistenkjer at det var desse personane som tok seg inn i butikken om natta.

Politioverbetjent Rita Skjeldestad ved Sogndal lensmannskontor seier til NRK.no at politiet har sett på videobileta, og at det ser ut som at personane som vart fanga på band rekognoserte; altså at dei dreiv med fysisk observasjon for å skaffe seg opplysningar og informasjon.

– Måten dei oppførte seg på er svært mistenkjeleg. Mykje tyder på at dei står bak, eller at dei har noko med innbrotet å gjere. Men vi kan aldri vite, seier politioverbetjenten.

– Veit de kven desse personane er?

– Nei, men målet vårt er å finne identiteten deira. Vi har delt bileta med politiet over heile landet gjennom systema våre og vi håpar at det vil vere til hjelp. Det kan jo hende at dei har slått til fleire stader, svarar Skjeldestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Bjarte Skrøppa

INNBROT FØRDE: Politioverbetjent Jan Bjarte Skrøppa gjer tekniske undersøkingar på Tools Spesialvarer i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Stal bil og verktøy i Førde

Tools Spesialvarer i Førde fekk besøk av tjuvar etter midnatt natt til 17. mai. Verktøy for fleire hundre tusen kroner vart stole frå butikken.

I tillegg tok tjuvane med seg ein under eitt år gamal Volkswagen Caravelle med registreringsnummer TV80162.

Lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor seier dei har få spor å gå etter, og at dei er interesserte i tips frå publikum. Lensmannen seier det kan vere ein samanheng mellom innbrotet i Førde og i Sogndal.

– Det kan sjølvsagt vere ein samanheng, men vi veit ikkje. På måten innbrota er gjort på, kan det vere snakk om mobile vinningskriminelle frå Aust-Europa, seier Tvinde til NRK.no.

Det var ingen overvakingskamera i drift i Tools-butikken då innbrotet skjedde.

Austeuropearar slår til i Norge

Den nasjonale kriminalitetsutviklinga viser at mobile vinningskriminelle frå Aust-Europa står for ein veksande del av det totale talet på simple og grove tjuveri i Norge. Dette er ei utvikling ein ser i andre europeiske land.

Regjeringa har laga ei 10-punktliste i kampen mot organisert kriminalitet. Det blir antatt at kriminalitetsutviklinga blant austeuropearar vil halde fram i åra som kjem.

Kriminalitet gjort av personar frå Litauen, Polen og Romania har eksplodert frå 2000 og fram til i dag:

STATISTIKK: Øst-Europeiske vinningskriminelle

– Forventar ikkje å få dei gjennom veggane

Butikkeigar Per Sverre Moe i Sogndal har vore i bransjen i 30 år og har opplevd innbrot tidlegare, men det er over ti år sidan sist.

– Det er ikkje kjekt. Det er ekkelt når dei mest truleg var inne i butikken på dagtid. Eg jobbar ofte om natta og ein får litt tankar etter noko slikt. Ein forventar ikkje å få tjuvane inn gjennom veggane. Det er skikkeleg ubehageleg, seier Moe til NRK.no.

Natt til måndag tok tjuvar seg inn på eit kjøpesenter på Voss i Hordaland ved å sage seg gjennom taket. Tjuvane tok seg gjennom tre butikkar. Politiet etterlyser tips i sakene.

– Eg håpar eg aldri får oppleve dette igjen, seier Moe.

Innbrot Narvesen Sogndal

SAGA: Tjuvane på Narvesen i Sogndal saga seg gjennom totalt tre veggar for å komme seg inn i butikken.

Foto: Oddleif Løseth / NRK