Hopp til innhold

Braut opp safe med vinkelslipar

Frekke tjuvar brukte i løpet av natta truleg ein vinkelslipar for å kome seg inn i ein safe ved Coop i Olden.

Coop-butikken i Olden

INNBROT: Coop-butikken i sentrum av Olden hadde natt til søndag besøk av tjuvar.

Foto: NRK-tipsar

I tillegg har dei teke med seg store mengder tobakksvarer.

- Tjuvane har fått seg med tobakksvarer og eit større pengebeløp, seier operasjonsleiar Einar Vereide som førebels ikkje kan seie meir om kor mykje pengar det er snakk om.

Braut seg inn i safe

Innbrotet ved butikken vart oppdaga i 11-tida søndag. Ifølgje politiet har tjuvane brote opp ein safe i butikken, og det er truleg brukt vinkelslipar for å få dette til.

Tjuvane har brote seg inn gjennom ei dør på baksida av butikken. Dei har deretter flytta safen frå eit kontor og inn på eit lager. Der har dei fått opp safen og teke med seg eit til no ukjent pengebeløp.

- Ein kriminalteknikar vil kome til staden i løpet av søndag ettermiddag for å gjere undersøkingar, seier Vereide.

Fleire tjuveri siste veka

Den siste veka har det vore fleire innbrot i Sogn og Fjordane. I samband med 17. mai-feiringa tok tjuvar seg inn både på Tools i Førde, og i ein Narvesen-kiosk i Sogndal.

Natt til i går vart ein bilhengar med lydustyr til 50.000 stole i Eid . Det same vart kjennemerke til ein privatbil.

- Det er ikkje heilt utypisk for denne årstida at det skjer innbrot. Det er ofte mykje folk langs vegane, seier Vereide.

Politiet held alle moglegheiter opne og er interesserte i tips frå publikum som kan ha sett eller høyrt noko.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.