Hopp til innhold

Oppdaga mogleg tjuv på video

Ein tredje person kan ha vore innblanda i det frekke tjuveriet på Narvesen i Sogndal natt til 18. mai. Det viser overvakingsbilete frå butikken.

Innbrot Narvesen Sogndal

OVERVAKING: Politiet har sett seg ut to menn frå overvakingsbileta som dei meiner dreiv med såkalla rekognosering. Butikkeigaren har studert bileta og trur ein tredje mann som snakka med desse to, også kan ha vore involert i det frekke tjuveriet.

Foto: Overvakingskamera/Politiet

Overvakingsbileta frå Narvesen-butikken vert truleg svært viktige for politiet i etterforskinga av innbrotet som fann stad natta etter 17. mai.

Sogn Avis skriv laurdag at det kan det ha vore tre personar involvert. Frå før har politiet gått ut med at dei leitar etter to menn, truleg i 40-åra.

Sikra seg overvakingsbilete

Politiet har sikra seg overvakingsbilete frå kiosken, både frå dagtid 17. mai, og på natta då tjuvane slo til og stakk av med alt av tobakk og snusvarer.

Også butikkeigar Per Sverre Moe har sett nøye gjennom videobanda.

- Det kan sjå ut som at dei har vore inne i butikken på 17. mai i to omgangar, seier Moe til Sogn Avis.

Trur tre menn var involvert

Moe meiner det er sannsynleg at det kan ha vore ein tredje mann med på innbrotet.

Dette fordi han på opptaka har sett ein tredje person i samtale med dei to som tydeleg dreiv med såkalla rekognosering inne i butikken.

Moe presiserer til avisa at det sjølvsagt ikkje er sikkert at denne personen har noko med innbrotet å gjere, men har bede politiet om å sjå nærare på videobileta.

Tjuvar slår til mot Narvesen i Sogndal

INNBROT: Natt til 18. mai syner bileta frå overvakingsvideoen at to menn tek seg inn i butikken. Andre bilete frå overvakingsvideoen gjer at butikkeigaren trur ein tredjemann også var involvert.

Foto: Overvakingskamera/Politiet