Hopp til innhold

Ny biskop i Bergen: – Ho har liksom alt. Ei sterk, roleg, verdig kvinne som syng fantastisk

Gratulantane stod i kø då Ragnhild Jepsen i dag vart vigsla som den første kvinnelege biskopen i Bjørgvin. – Eg kjem sikkert til å skuffa nokon, seier ho.

Ragnhild Jepsen vart gratulert av avtroppande biskop Halvor Norderhaug etter å ha blitt vigsla til Bjørgvin-biskop i Bergen domkirke

FARGERIKT: Regnbogefargar blant gratulantane til den nye Bjørgvin-biskopen Ragnhild Jepsen, som tidlegare har via likekjønna ekteskap.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det var verdig, flott og imponerande. Ho hadde eit veldig vakkert språk. Eg merkar at ho er ei veldig sterk kvinne. Ein fantastisk liturg. Ho har ro. Eg trur ho er rett kvinne på rett plass.

Det seier Ruth-Inez Knudsen, ei av mange som samla seg på gata utanfor Bergen domkirke like etter vigslinga.

– Her har me altså den første kvinnelege biskopen i ein tradisjonelt konservativ by.

Knudsen trur Jepsen kjem til å «røska litt opp» i Bjørgvin bispedømme, som dekker Vestland fylke.

– Men eg trur ho kjem til å gjera det på ein måte der ho får folk med seg. Eg fekk veldig sans for henne. Respekt.

– Og berre alt ho har halde på med som prest! Ho har vore heilt nede på gølvet og støtta ein kartongfabrikk som heldt på å gå konk. Og for ikkje å gløyma den fantastiske songstemma hennar!

– Ho hadde liksom alt... akkurat som dei seier i «America's Got Talent»... «You tick all the boxes!» Det var det ho gjorde. Liksom berre: «check, check check».

Ruth-Inez Knudsen

Ruth-Inez Knudsen er full av lovord om den nye Bjørgvin-biskopen

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Biskopen: – Kjem til å skuffa nokon

Hovudpersonen tar rosen til seg.

– Du verda! Det er jo fantastisk å høyra. Eg seier ofte at eg er dårleg med ball. Men det trengte eg ikkje å driva med i dag.

Det repliserer den nyvigsla biskopen like etter gudstenesta.

– I denne rolla skal ein tilfredsstille mange, og eg kjem sikkert til å skuffa nokon, men det er godt å bli møtt med forventning.

– Har mange i gratulasjonskøen i dag kome med sine forventningar til deg?

– I dag seier folk først og fremst hjarteleg velkommen. Det vil jo alltid vera forventningar til ein ny leiar. Men det er gode forventningar og i tråd med det som har vore her før.

– Skal du røska opp i Bjørgvin bispedømme?

– Nei det veit eg ikkje om trengst, for her har det blitt jobba godt lenge med å gjera kyrkja relevant og truverdig. Så det skal me halda fram med.

Ho vil ikkje kallast barrikadestormar.

– Eg trur ikkje eg har vore det og treng ikkje å vera det no, heller, seier Jepsen.

Ragnhild Jepsen er no vigsla til Bjørgvins første kvinnelege biskop

Ei fullsett Bergen domkirke klappa då Ragnhild Jepsen i dag vart vigsla til ny biskop i Bjørgvin bispedøme.

Foto: Tuva Åserud / NTB

– Flott at kongen kom

NRK møtte Jepsen nokre dagar før dagens vigslingsseremoni.

Me treng som kyrkjelyd at me høgtidar slike ting. Eg veit at folk no ber for meg, at dei ønsker at eg skal gjera ein god jobb og at det skal gå godt med meg her i Bjørgvin. Så eg set jo veldig pris på det.

Kong Harald, fleire regjeringsmedlemmar, biskopar og kyrkjelege representantar frå inn- og utland var med på seremonien.

– Det er jo utruleg flott at Hans Majestet Kongen – i ei kyrkje som ikkje lenger er ei statskyrkje – prioriterer og ønsker å vera til stades når nye biskopar blir vigsla. Det er me veldig takknemlege for som kyrkje, seier Jepsen.

Ho kjem frå stillinga som domprost i Nidarosdomen.

– Eg må finna ut kva som er forventningane til ny biskop no. Fordelen er at når ein kjem som ny, kan ein spørja om alt! Ulempa er kanskje at eg må bruka tid til å bli kjend med kyrkjelydane, landskapet og miljøet i Bjørgvin. Eg er opptatt av kultur. Korleis den er her, veit eg lite om.

Ragnhild Jepsen vart gratulert etter å ha blitt vigsla til Bjørgvin-biskop i Bergen domkirke

Kyrkjeleiarar frå inn- og utland gratulerte Jepsen etter vigslinga.

Ragnhild Jepsen vart gratulert etter å ha blitt vigsla til Bjørgvin-biskop i Bergen domkirke

Ei lang rekke menneske som deltok i gudstenesta gratulerte den nye Bjørgvin-biskopen utanfor Bergen domkirke etterpå.

Ragnhild Jepsen vart gratulert etter å ha blitt vigsla til Bjørgvin-biskop i Bergen domkirke

God stemning utanfor domkirken etter vigslinga

Ragnhild Jepsen vart gratulert av avtroppande biskop Halvor Norderhaug etter å ha blitt vigsla til Bjørgvin-biskop i Bergen domkirke

Avtroppande biskop Halvor Nordhaug var blant gratulantane.

«Å legga forstanden til side»

Dagane er blanke og opne, som ei kvit fjellvidde eller ein stille morgon ved vågen.

Det sa Jepsen i dag i si første preike som Bjørgvin-biskop.

Som seg hør og bør langs vestlandskysten, brukte ho historia om kva læresveinane gjorde etter at Jesus var krossfesta.

Dei reiser ut for å fiska! Dei er i uvisse. Dagane er annleis. Dei lengtar etter det vanlege. Men denne natta får dei ikkje eit einaste napp!

Ikkje før den oppståtte Jesus kjem og fortel at dei må fiska frå andre sida av båten, blir garna fylte. Som ein assosiasjon til at det irrasjonelle gav slik effekt, siterte Jepsen den svenske lyrikaren Edith Södergran:

«Man frågar icke om Gud finns eller inte finns. Man lägger helt enkelt sin lilla förstånd åt sidan.»

Vigsling av Ragnhild Jepsen til biskop i Bjørgvin, Bergen domkirke
Foto: Tuva Åserud / NTB

Første i Vestland

Jepsen er den første kvinnelege biskopen i Bjørgvin, der det fram til nyleg har vore diskusjon om kvinnelege prestar.

– Bjørgvin bispedømme var veldig tydleg på at ein ønska ei kvinne.

Ho viser til at flest kvinner var nominerte, og til slutt stod det mellom tre kvinner. No har Noreg har hatt kvinneleg presteteneste i Noreg i over 60 år, og Rosemarie Köhn vart den første kvinnelege biskopen for 30 år sidan.

Handspålegginga under vigsling av Ragnhild Jepsen som ny biskop i Bjørgvin, Bergen domkirke

Handspålegginga under vigslinga av Bjørgvin-biskop Ragnhild Jepsen.

Foto: Den norske kyrkja

Over halvparten av biskopane i Noreg er kvinner: sju kvinner og fem menn.

– Så ein kvinneleg biskop er i alle fall ikkje ein unormal situasjon, sjølv om det er det for Bjørgvin. Men så blir ein veldig vane med det.

– Bedehusrørsla står sterkt på Vestlandet. Kva er ditt forhold til det miljøet?

– Eit sterkt forhold, for eg har vore aktiv på bedehuset som ungdom i Hallingdal. Det var der eg kom til ei meir medviten tru. Eg er glad i tradisjonen, musikken der. Eg har veldig stor respekt for bedehusmiljøet. I mange samfunn og kyrkjelydar er det ei berande kraft. Det skal me ikkje kimsa av.

Kong Harald og biskop Ragnhild Jepsen, i samband med at ho vart vigsla til biskop i Bjørgvin

Kong Harald deltok under vigslinga av Ragnhild Jepsen som ny biskop.

Preses Olav Fykse Tveit vigsla Ragnhild Jepsen til biskop i Bjørgvin

Preses Olav Fykse Tveit vigsla Ragnhild Jepsen til biskop i Bjørgvin

Kong Harald under vigslinga av Ragnhild Jepsen som ny biskop i Bjørgvin, i Bergen domkirke

Kongen og regjeringa var til stades under seremonien.

Vigsling av Ragnhild Jepsen til biskop i Bjørgvin, Bergen domkirke

Mange norske kyrkjeleiarar med Ragnhild Jepsen fremst i biletet.

Likekjønna ekteskap

Den første kvinnelege biskopen i Bjørgvin har synspunkt som kan vera kontroversielle blant konservative deler av kristenfolket. For eksempel har ho via såkalla likekjønna ekteskap.

Eg håpar veldig at me kan møtast og lytta til kvarandre, og på eit vis slå fast kva me er ueinige om. Men også einast om kva me er einige om, og det er jo dei grunnleggande viktige tinga i kyrkja si lære og tru, vil eg meine.

Som biskop i Bjørgvin vert ho både biskop for alle sokna i Vestland fylke og dei norske kyrkjene i utlandet – altså Sjømannskyrkja.

Les også Ragnhild Jepsen er den nye biskopen i Bjørgvin – no er sju av tolv biskopar kvinner

biskop ragnhild jepsen med blomsterbukett i bergen domkirke

KORRIGERING: I artikkelen stod det først at 1100 var i Bergen domkirke under vigslinga. Talet er ikkje riktig, for kyrkja har plass til omlag 600 personar, men kyrkja var fullsett.