To av bandmedlemma i Gorgoroth kjem frå Sunnfjord, to andre frå Bergen.
No har bandet fått polsk politi på nakken, etter det satanistiske sceneshowet.
Gaahl i Gorgoroth (foto: Peter Beste)
Årsaka er at eit TV-innslag frå showet, som vart sendt på polsk fjernsyn, har sett sinna i kok i det katolske samfunnet.
Skaka polakkane
Vokalist Gaahl i bandet Gorgoroth er ein av dei mest kjende black metal-vokalistane i verda. No har sunnfjordingen skaka opp det katolske Polen. Konserten med saueskallane og nakne korsfesta kvinner har blitt toppsak i polsk media, og politiet er kobla inn.
- Men konserten var aldri meint å nå media, fortel mannen med artistnamnet Gaahl. - Produsenten «Metalmind» kjøpte sauehodene på et slakteri. Her er det ikke snakk om at vi har plaget noen dyr.
Han bekreftet imidlertid at bandet eventuelt kan bli siktet for brudd på blasfemiparagrafen i Polen.
Dømt for rå vald
Gaahl er også domfelt for det politiet karakteriserer som "ekstremt grov" valdsbruk. I april må sunnfjordingen på ny svare for valdshandlingane sine i retten, denne gong med ei strafferamme på ni års fengsel, skriv Bergens Tidende.
Påtalemakta har rekna 28-årigen som potensielt farleg, og krevde han underlagt forvaring.
Grunnlaget er at han tidlegare er dømt for fleire svært grove valdshandlingar, og at det kan vere fare for gjentaking.