Hopp til innhold

Privatskular har berre fått halvparten av det dei skulle til spesialundervisning

Private og offentlege vidaregåande skular i Hordaland skulle få like mykje i støtte til spesialundervisning. No innrømmer fylket at dei private berre har fått halvparten, og ber skulane sende dei ei rekning på 2,6 millionar kroner.

St. Paul gymnas

DOBLING: Fylkeskommunen meiner private skular som St. Paul gymnas har fått for lite i støtte til spesialundervisning. No doblar dei støtta.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Tidlegare fekk dei private skulane i Hordaland refundert alle timeutgifter til spesialundervisning fullt ut, men hausten 2017 innførte fylkeskommunen ei ordning med ein samlepott, slik dei offentlege skulane allereie hadde.

Fleire private skular har meint at dei med denne modellen har fått for lite refundert for spesialundervisninga.

No endrar fylket måten å rekne på.

Hordaland fylkeskommune utbetaler no til saman vel 2,6 millionar kroner til 15 privatskular som dei meiner har fått for lite pengar for spesialundervisning skuleåret 2017/2018. Samstundes får skulane i desse dagar refundert meir for 2018/2019 enn dei hadde rekna med.

– Vi har hatt ein gjennomgang av den tidlegare måten å rekne på. No har vi funne ut kva som er rimeleg å betale, og gjer opp for oss, seier fylkesdirektør for opplæring i Hordaland, Bjørn Lyngedal.

Bjørn Lyngedal

RYDDAR OPP: Opplæringsdirektør Bjørn Lyngdal har konkludert med at dei private skulane har fått for lite i støtte frå fylkeskommunen til spesialundervisning.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Rekna på nytt

I juni fekk fylkestinget i Hordaland ein forvaltningsrapport frå Deloitte som stilte spørsmål ved om private og offentlege skular blei likebehandla. I etterkant har administrasjonen gått gjennom korleis dei reknar ut refusjonen til privatskulane på nytt.

Det har ført til ei endring i satsane, ei endring som gir dei 15 privatskulane om lag dobbelt så mykje i refusjon for spesialundervisninga.

«Vi meiner vi nå har laga ein modell som behandlar offentlege og private skular likt» skriv fylket i brevet til skulane.

Petter Gjessing, rektor St. Paul Gymnas i Bergen

NØGD: St.Paul Gymnas har nekta å ta imot støtte til spesialundervisning frå fylkeskommunen, fordi dei meinte utrekninga var feil. No har rektor Petter Gjessing fått dobla støtta.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Blant skulane som har protestert mot nivået på utbetalingane er St. Paul Gymnas i Bergen. Skulen fekk 234.790 kroner i refusjon for skuleåret 2017/2018, men får no utbetalt 232.268 kroner til.

– Vi er godt fornøgd med doblinga, sjølv om dette er nær nedre grense for det ein kan drive spesialundervisning for, seier rektor Petter Gjessing.

Han seier summen dei samstundes får for skuleåret 2018/2019 også er rundt ei dobling av det dei var førespegla. Men Gjessing skulle gjerne sett at satsen var sett høgare.

– Dette dekker berre lærarane vi bruker til spesialundervisninga, og ikkje alt det administrative. Dette gjeld trass alt dei svakaste elevane som vi har eit felles ansvar for å løfte.

Får dobbelt så mykje

Mest har Framnes vidaregåande skule gått glipp av. Dei får no utbetalt eit restbeløp på over 583.621 kroner for spesialundervisning i vanlege klassar i skuleåret 2017/2018.

På skulen har dei både ordinær spesialundervisning for elevar som går i vanlege klasser, og elevar som treng særskilt tilrettelegging og får spesialundervisning i mindre grupper. Spesialundervisninga til desse elvane kostar langt meir enn timane til elevane som får vanleg spesialundervisning.

– Eg har ikkje noko å seie på summen under eitt, men meiner vi får for lite for spesialundervisning i vanlege klassar. Om ein ser på kva den undervisninga kostar oss, har vi til no fått 1,16 millionar kroner for lite for perioden 2017-2019, seier rektor Harald Voster.

Han understrekar at dei berre ber om pengar til å dekka dei faktiske kostnadene dei har ved spesialundervisninga.

Fylkeskommunen meiner dei no har lagt seg på eit greitt nivå.

– Ingen får det dekt spesialundervisninga heilt ut, men trur vi no har kome fram til ei ordning begge partar kan vere nøgd med, seier Lyngdal.

– No vil vi sjå framover. Vi vil gå inn i ein diskusjon med friskulane om ei løysing vi begge kan vere tend med, seier Bjørn Lyngedal, som også blir fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i det nye fylket.

Tor Andre Ljosland (KrF) i Vestland fylkesting

ALVORLEG: Tor Andre Ljosland (KrF) meiner det er alvorleg at dei private skulane berre har fått halvparten av det dei skulle.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Vil ha nytt system i Vestland

KrF har lenge peika på det dei meinte var ein urett i systemet for støtte til spesialundervisning.

– Det er veldig alvorleg at friskulane berre har fått halvparten av det dei skulle ha, og vi er glade for at vi har blitt høyrt og at det blir ei tilbakebetaling, seier Tor Andre Ljosland (KrF).

Onsdag var saka tema i fylkestinget i Vestland. KrF ber om at det nye fylket lagar ein modell som sikrar likebehandling av private og offentlege skular.

– Vestland fylkesting kan no sørge for ein modell som sikrar at friskulane verken tener eller taper på å ta imot ein elev som treng spesialundervisning – slik at dei får eit reelt skuleval.

Ljosland seier han håper ein ikkje vil få denne typen saker i nye Vestland fylke. Onsdag ber han fylkesordføraren om at fylkestinget får ein ny modell til behandling neste år.