Hopp til innhold

Offentlege skular gir svake elevar mindre spesialundervisning – ingen veit kvifor

Verken skulesjefar eller departementet veit kvifor friskular gir svake elevar meir spesialundervisning enn dei offentlege. No vil Utdanningsforbundet finne svaret på den tilsynelatande forskjellsbehandlinga.

Undervisning

STORE FORSKJELLAR: Tal syner at offentlege skular har auka bruken av assistentar og redusert bruken av spesialpedagogar i vanlege klassar. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at blant elevar som går i ordinære klassar, gir offentlege skular mindre spesialundervisning til ein mindre andel elevar enn det friskulane gjer.

Tala viser også at offentlege vidaregåande skular på få år har auka bruken av assistentar og redusert bruken av spesialpedagogar i vanlege klassar.

Men ingen har noko godt svar på den tilsynelatande forskjellsbehandlinga.

– Forskjellen kan virke underleg. Det er vanskeleg å forklare, seier Bjørn Lyngedal, opplæringsdirektør i Hordaland.

Han trur ei årsak kan vera at det offentlege er meir opptekne av at elevar med ekstra behov skal delta i ordinær undervisning.

– Det kan vere ein grunn til at vi har færre timar spesialundervisning, seier Lyngedal.

Statssekretær Tom Erlend Skaug i Kunnskapsdepartementet kan heller ikkje forklare forskjellen.

– Kvifor det er slik, veit vi ikkje. Vi kan ikkje utelukke at forklaringa frå opplæringsdirektøren i Hordaland kan vere ein del av biletet, skriv han i ein e-post til NRK.

Bjørn Lyngedal

– IKKJE GNITNE: – Offentlege vidaregåande skular gir ikkje mindre spesialundervisning enn friskulane for å spare pengar, seier opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal i Hordaland fylkeskommune.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Utdanningsforbundet vil undersøke

Heller ikkje Utdanningsforbundet kan svare på dette. Forbundet seier til NRK at dei generelt er kritiske til å gi svake elevar assistentar i staden for kvalifiserte lærarar.

Etter at NRK tok kontakt, opplyser Turid Strømmen i Utdanningsforbundet i Hordaland at fagforeininga no vil ta kontakt med alle sine tillitsvalde, for å spørje om offentlege vidaregåande skular faktisk har redusert bruken av spesialpedagogar.

Statssekretær Skaug seier ei kommande stortingsmelding om tidleg innsats mellom anna vil handle om korleis regjeringa betre vil legge til rette for at born og unge får eit godt, tilpassa og inkluderande skuletilbod.

Tom Erlend Skaug

VEIT IKKJE: Statssekretær Tom Erlend Skaug i Kunnskapsdepartementet kan ikkje forklare kvifor fleire får spesialundervisning i friskular enn i offentlege skular.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Høyrest rart ut

– Vår erfaring er at ein del friskular har lettare for å legge meir til rette og komme barn og familiar i møte, seier generalsekretær Jan Erik Sundby i Kristne friskulars forbund.

Også han meiner likevel den store forskjellen høyrest rar ut.

– Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) vurderer jo behovet til elevane uansett kva skule dei går på.

Jan Erik Sundby

RART: – Når PPT vurderer behovet til alle elevar, er det rart at friskular og offentlege har så ulik praksis, meiner generalsekretær Jan Erik Sundby i Kristne friskulars forbund.

Foto: Anders Winlund/NRK

– Handlar ikkje om økonomi

I Hordaland var det skuleåret 2016-2017 fire gonger fleire lærartimar enn assistenttimar i spesialundervisninga.

Hausten 2018 var det derimot færre lærartimar enn assistenttimar.

– Den endringa kan eg ikkje forklare, seier Lyngedal, som imidlertid meiner talgrunnlaget frå tidlegare år er usikkert.

Ein assistent kostar fylkeskommunen under 600 kroner per time. Ein spesialpedagog kostar litt over 1000 kroner.

Lyngedal meiner likevel auka bruk av assistentar ikkje handlar om økonomi.

– Eg trur ikkje vi sparer pengar på denne løysinga, for ein assistent er i lag med eleven mange fleire timar enn ein spesialpedagog er, seier opplæringsdirektøren.

Spesialundervisning i vidaregåande klassar i Hordaland

* = timar per elev ift. totalt elevtal

Offentlege skular

Friskular

Andel av elevar, siste tre skuleår

0,95 %

1,96 %

Antal elevar siste tre skuleår

117, 132, 207

37, 78, 57

Spesialpedagog/assistent 2016-17*

1,16 / 0,27

1,63 / 0,88

Spesialpedagog/assistent 2017-18*

1,01 / 0,43

2,24 / 1,12

Spesialpedagog/assistent haust 2018*

0,49 / 0,65

1,86 / 1,23