Hopp til innhold

– Dramatisk kutt i støtta til svake elevar

Friskular protesterer mot kraftig reduserte løyvingar til spesialundervisning. – Det rammar dei mest sårbare elevane på vidaregåande.

Petter Gjessing, rektor St. Paul Gymnas i Bergen

KRITISERER KUTT: – Finansieringa av spesialundervisning må ta utgangspunkt i behova til kvar enkelt elev, seier rektor Petter Gjessing ved St. Paul Gymnas.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Rektor Petter Gjessing ved St. Paul Gymnas i Bergen er opprørt. Den katolske skulen får berre dekt ein brøkdel av det dei fram til i fjor haust fekk til spesialundervisning.

– Me treng i år 800.000 kroner, men har berre fått 235.000 kroner. Dette er elevar som treng dei beste lærarane. Me fryktar at elevane vil falla ut av skulen.

Nye reglar, mindre pott

Det er fylkeskommunane som vedtar kor mykje spesialundervisning ein vidaregåande-elev skal få. Tidlegare fekk friskulane i Hordaland refundert alle timeutgiftene til dette fullt ut.

Men hausten 2017 innførte denne fylkeskommunen ei ordning med ein samlepott for friskulane, slik dei offentlege skulane allereie hadde.

– Dei to pottane er basert på at om lag fem prosent av elevane treng spesialundervisning, seier fylkesopplæringsdirektør Svein L. Heggheim.

Pottane blir fordelt ut frå behova ved kvar enkelt skule.

Svein Heggheim

LIKEBEHANDLING: – Friskulane kom tidlegare noko betre ut enn dei offentlege. Det måtte me gjera noko med, seier opplæringsdirektør i Hordaland, Svein L. Heggheim.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Likebehandling

Heggheim seier han endra tildelingsordninga fordi staten endra friskulelova i fjor.

– Friskulane og offentlege skular skal behandlast likt. Tidlegare kom friskulane noko betre ut enn dei offentlege. Det måtte me gjera noko med.

Likevel meiner han tildelingane til friskulane er om lag uendra.

Det avviser Gjessing.

– Potten er ikkje stor nok. Friskulane i fylket får no mykje mindre midlar enn før.

– Sårbare kan bli avvist

Fylkespolitikar Tor André Ljosland (KrF) fryktar at elevar ikkje får spesialundervisninga dei har krav på. Og at friskulane ikkje får råd til å ta inn elevar med spesielle behov.

– Det er svært viktig at skulane ikkje skal tapa på å ta inn ein vanskelegstilt elev. Fritt skuleval er ikkje berre for dei flinkaste, men også for våre mest sårbare elevar. Dei som ønsker å gå på friskule, må få det.

– Kanskje friskulane «skriv rekning med gaffel»?

– Slett ikkje. Lærarar kostar om lag det same i privat og offentleg skule, og fylkeskommunen fastset timetalet for kvar elev.

Tor Andre Ljosland

KREV ENDRING: – Alle har rett til fritt skuleval. Då må ikkje friskulane tapa på å ta inn sårbare, vanskelegstilte elevar, seier Tor André Ljosland (KrF).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Gjessing mistenker at fylkeskommunen systematisk har underfinansiert spesialundervisninga i den offentlege skulen i mange år.

– Med den nye ordninga slår dette negativt ut også for friskulane.

– Skulane misforstår

Heggheim kan ikkje seia kor mykje dei offentlege skulane får dekka. Han kallar det ei misforståing at skulane skal få refundert alle utgiftene.

– Det er ikkje nødvendigvis intensjonen i lova at fylkeskommunen dekker heile behovet. Me har ikkje uavgrensa ressursar der det berre er for skulane å skriva timar. Verken dei offentlege eller private.

– Får alle spesialundervisninga dei har rett på?

– Det er vårt utgangspunkt, ja.

– Hadde kvar elev vore betre sikra med ressurstildeling basert på tildelt timetal, heller enn ein samlepott?

– I ei ideell verd hadde det sjølvsagt vore fantastisk.

Fylkesadministrasjonen endra tildelingsordninga utan å involvera politikarane, men no har fylkesopplæringsutvalet kravd å få handsama saka.