Hopp til innhold

Prisen på laks har aldri vore høgare

No er det historisk høge priser på laks, men det vil ta tid før du merker det i butikken.

En av Salaks lokaliteter for oppdrett.

GULL VERDT: Lakseprisen er meir enn dobla samanlikna med i september i fjor.

Foto: Øivind Arvola

– Dette er eit farvatn vil aldri har vore i før. 110 kroner kiloen er historisk høge prisar, og fantastisk for dei som får ta del i det, seier Tor Hjalte som er driftsdirektør for lakseeksportøren Norwell i Florø.

I september fjor var prisen til samanlikning litt over 50 kroner per kilo.

Allereie før påske meldte nettstaden iLaks at lakseprisane måtte skrivast med tre siffer.

Sidan har prisane heldt fram med å stige. Men utan at kundane kjenner det. Framleis er det meste av fisken du finn i butikken innkjøpt til lågare prisar på kontrakt.

IntraFish melder at det er seld laks til Asia for opptil 140 kroner per kilo.

I veke 14 var snittprisen for fersk laks 93,21 kroner pr. kilo. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (sjå graf).

– I påskeveka har vi ekstra høg etterspurnad. Samstundes er det lite slakting rundt påske. Dette driv opp prisen, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl i Sjømatrådet til NTB.

Trur på høgre prisar til over sommaren

Lakseeksportør Tor Hjalte ser ingen teikn til at prisane kjem til å gå ned med det aller første.

– Prisbiletet vil nok vere høgt. Om ikkje så høgt som i dag, så vil prisen halde seg høg til over sommaren, seier Hjalte.

Forklaringa på lakseprisane er stor etterspurnad kombinert med lite fisk i marknaden. Låg produksjon har også vore regelen hos dei andre store lakseoppdrettarane: Chile, Skotland og Færøyane.

I tillegg har kaldt vêr gjort at det tek lengre tid før laksen er oppe i slakteklar vekt på 4–5 kilo.

Først i august eller september reknar lakseeksportøren i Florø med at det kjem meir fisk i marknaden.

– Då vil vi få ei justering av prisane, seier Hjalte.

Flakstadvåg, Senja 20101124.Flakstadvåg Laks har seks konsesjoner for oppdrett av laks, og har i 20 år drevet sykdomsfritt lakseoppdrett sør på Senja.

SENJA: IntraFish melder at det er seld laks til Asia for opptil 140 kroner kiloet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Utfordrande kredittgrenser

På sikt kan dei høge prisane skape nye utfordringar for eksportørane, seier Hjalte.

– Kredittgrensene ligg der dei ligg. Har du ei grense på 10 millionar for ein kunde og den er brukt opp, så må du få inn meir pengar før du kan selje meir fisk. Så akkurat den biten er ei utfordring.

Han legg til:

– Vi må berre håpe at kundane i andre enden er flinke til å få inn pengar, slik at vi klarar å halde hjula i gang.

Tor Hjalte, driftsdirektør Norwell AS

HISTORISKE PRISAR: – Det trudde vi på 80 kroner, på 90 og på 100 kroner. No er snittprisen 110 kroner, seier Tor Hjalte, som er driftsdirektør for lakseeksportøren Norwell i Florø.

Foto: Norwell AS