Hopp til innhold

Praksisnekt for 1800 studentar: – Mange tykkjer det er fortvilande

BERGEN (NRK): Denne veka skulle Kristina Dahl (21) ha starta sin første praksis som sjukepleiestudent. Så dukka den sørafrikanske koronavarianten opp på ein byggeplass i Bergen.

Kristina Dahl skulle ha vore i praksis som sjukepleiarstudent.

FRUSTRERT: Kristina Dahl frå Åsane i Bergen er ei av mange som skulle starta i utdanningspraksis denne veka. Ho er frå før utdanna helsefagarbeidar og gler seg til å bli sjukepleiar.

Foto: Privat

– Vi risikerer å bli permittert frå studiet i eitt år om vi ikkje får gjennomført praksis, seier Dahl til NRK.

Om lag 1800 studentar som skulle vore ute i praksis no er råka av korona-nedstenginga av Bergen og fleire omlandskommunar.

I motsetnad til det som skjedde under nedstenginga i Oslo-området, blir studentane på Høgskulen på Vestlandet (HVL) nekta å gå i praksis no.

I Åsane i Bergen har Kristina Dahl gledd seg til å gå inn i sin første praksisperiode. Eigentleg skulle ho byrja måndag. Sundag kveld klokka 22.45 fekk ho melding om at praksisen var avlyst, men ikkje noko meir.

– Det er mange som tykkjer det er fortvilande og det er ein veldig vanskeleg situasjon. Vi går litt i blinde og vi veit ikkje korleis framtida vil bli for oss, seier 21-åringen.

Henrik Waage Tjore, leiar av studenttinget på Vestlandet

UROA STUDENTLEIAR: – Eg har fått mange meldingar frå studentar som er uroa over situasjonen. Det er veldig uoversiktleg, meiner studentleiar Henrik Waage Tjore.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Blei nekta adgang

Leiar for studenttinget på Vestland, Henrik Waage Tjore, fortel at koronatiltaka fører til store problem for dei mange studentane.

– Vi har hatt studentar som har blitt nekta adgang på praksisplassane sine og blitt kasta ut frå praksisplassane medan dei har vore på jobb. Situasjonen er veldig krevjande, seier Tjore til NRK.

Strenge tiltak frå regjeringa vart annonsert sundag føremiddag, med innføring allereie klokka 18.00.

Det vart veldig kort varsel for mange studentar som var klare til å gå ut i praksis innan sine fagfelt på måndagen.

Det gjeld mellom anna lærarstudentar, sjukepleiarstudentar og ei rekkje andre fag innan utdanning, helse og sosial.

Fekk lov på Austlandet

Gunnar Yttri er rektor på Høgskulen på Vestlandet. Han er svært kritisk til det han meiner er manglande og uklare signal og beskjedar frå direktorat og regjering.

– Dette bryt med slik vi har hatt det før. Når våre studentar er i praksis så er dei ein del av arbeidslivet og arbeidslivet treng dei. Dermed så stoppar vi og deira viktige kvalifisering til sine profesjonar som dei er i gang med, seier Yttri.

Både rektoren og studentleiaren peikar på at ved utbrotet i Nordre Follo, så fekk studentar i Oslo-området likevel gjennomført praksis med strenge smittevernreglar.

Rektor på HVL, Gunnar Yttri.

UROA REKTOR: Gunnar Yttri meiner det er rart at ein fekk gjennomføre praksis på Austlandet og ikkje på Vestlandet.

Foto: Eivind Senneset

– Uklare signal

– Det vi treng er ein heilskapleg plan for korleis studentane våre skal fare fram i praksis. No blir det for tilfeldig, det blir ugreie og det er mange unge menneske det er tale om, slår høgskulerektoren fast.

Han meiner at uklare eller manglande signal om studentane sin tilgang på praksisplassar gjer det særdeles strevsamt både for studentar og tilsette å halde oppe rett kvalitet i utdanningane.

– Men nett det vil, må og skal vi klare, seier rektoren.

NRK har ved fleire høve spurt Kunnskapsdepartementet om ein kommentar, men dei har førebels ikkje hatt høve til det.