Hopp til innhold

Berga av brannmann: Leita etter sprengstoff frå 2. verdskrigen då vegbana rasa ut

Fleire hundar frå forsvaret og fem personar dreiv med leiting etter eksplosivar frå 2. verdskrigen då vegbana rasa ut i Stalheimskleiva. Ein mann blei på heltemodig vis berga ut med tau.

Her blir gravemaskinføraren berga ut av brannvesenet.

FIRA SEG NED: Ein brannmann frå Voss brannvesen klarte å fire seg ned til gravemaskina og fekk med seg føraren.

Foto: Aurland brannvesen

Ei gravemaskin rasa i ettermiddag utfor ein bratt skrent etter at vegbana Stalheimskleiva i Vestland gav etter. Føraren blei berga ut på heltemodig vis av ein brannmann som fira seg ned i tau.

Stalheimskleiva ligg i Nærøydalen mellom Voss og Gudvangen og er eit svært populært turmål for bilturistar. Turistvegen har vore stengd i heile sommar på grunn av rasfare.

– Ulukka skuldast at vegbana gav etter. Vi sende ned ein mann i tau ned skråninga, som fekk redda sjåføren ut, seier brannsjef i Aurland, Reinhard Sørensen, til NRK.

Leita etter sprengstoff

Fleire spesialtrena hundar, hundeførarar og føraren av gravemaskina var på staden då vegen utan forvarsel forsvann.

– Ein del av mandatet med å ruste opp vegen inkluderer det å undersøke om det låg igjen eksplosivar frå krigens dagar. Det var difor hundar med nase for slikt på plass. Heldigvis har ingen av dei kome til skade, seier Brynjulv Eide i Statens vegvesen til NRK.

Det blei slått full alarm då meldinga kom. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser at det blei sendt ut redningsfolk frå både Aurland og Voss.

Her ligger gravemaskina nede i skråninga i Stalheimskleiva.

SVÆRT BRATT: Her ligg gravemaskina nede i skråninga under vegen i Stalheimskleiva.

Foto: Aurland brannvesen

Rasfarleg område

Føraren av gravemaskina framstod som uskadd då han blei henta ut, men blei sendt til lege for ein grundigare sjekk.

I mai blei fleire teltturistar nær tekne av steinras då dei villcampa rett ved vegen.

– Eg forklarte at det var rasfare, men det beit turistane ikkje på, sa Roald Jordalen til NRK den gongen.

Stalheim-området blei brukt som ein strategisk viktig base for tyskarane under 2. verdskrigen og det finst mange spor etter deira aktivitet. Blant anna bunkersar og skytestillingar.

RASTE UTFOR: Føraren av ei gravemaskin skal ha kome fysisk uskadd frå ulukka.