Hopp til innhold

Politimelder kjendisbloggar for innbrot på gamalt sanatorium

Investorane til den populære attraksjonen Harastølen har sett seg lei av at folk legg ut «skrytebilete» på sosiale medium etter å ha brote seg inn.

Harastølen

POPULÆRT: Mange vel å trosse sperringane når dei tek turen til det 118 år gamle sanatoriumet i Luster i Sogn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er skremmande kor lite folk bryr seg, seier investor Terje Svindland.

Saman med kommunen og andre investorar vil dei no politimelde fleire influensaar og sosiale-mediekontoar som legg ut bilete som viser at dei har vore inne på Harastølen.

Deriblant Halvor Harsem, også betre kjent under aliaset «Kong Halvor», som vitja sanatoriumet frå innsida tidlegare i sommar. Han meiner investorane heller burde sjå på det som positivt at mange ønskjer seg dit. Porten skreiv om saka først.

– Farleg for folk og dyr

I årevis har det ikoniske sanatoriumet frå 1902 våre ein populær destinasjon for mange. Anten om du er på spøkelsesjakt, eller på leit etter lokale til filminnspeling.

Dei siste åra har det forfalne sanatoriumet vore sperra av for folk flest, av sikkerheits- og bevaringsmessige årsaker. Det har ikkje stoppa dei mest nyfikne.

– Bygget er så forfalle at det er ikkje trygt å gå der. Me har sat opp sperringar og skilt, men utan hell, seier Svindland.

Det er ikkje berre menneske bygget utgjer ein fare for. I fjor haust forvilla to kalvar seg inn i bygget, fordi gjerde var rivne ned og dører brote opp. Dei kom seg aldri ut igjen.

– I tillegg til at dei har me hatt fleire tilfelle av vandalisme og hærverk inne i bygget. Me har planar for bygget, og ber folk difor la vere å gå inn slik at vi kan ta vare på det som er igjen av historie der.

Hærverk på Harastølen

HÆRVERK: Eigarane ber om at folk lar vere å ta seg inn i bygget.

Foto: PRIVAT

Stiller seg uforståande til kritikken

Sidan det gamle sanatoriumet er sopass populært besøksmål for mange, meiner Svindland det er ei ekstra utfordring med bloggarar og folk i sosiale medium som legg ut bilete av at dei har snike seg inn.

Ein av dei som vil verte meldt er bloggar og komikar Halvor Harsem. Han meiner han handla i god tru.

Halvor Harsem på Lyster sanatorium

ANMELDT: Halvor Harsem tok seg inn i bygget.

Foto: PRIVAT

– Eg kom inn på baksida, og såg ikkje noko skilt før eg kom ned på framsida. Men alt var så forfalle og forlate at eg kunne berre spasere rett inn, seier han.

Men at Harsem ikkje såg skilta, har Svindland lite tru på.

– Det er berre ein dårleg unnskyldning, for det er godt merka. Han poserer også forbi det forbodne skiltet, noko som visar at han manglar respekt. Me må få stopp på denne vandaliseringa, seier han.

Kong Halvor på Harastølen i Luster.

LA UT PÅ INSTAGRAM: Her poserar komikaren framfor eit skilt som åtvarar om politianmeldelse.

Foto: PRIVAT

Harsem som etter kvart både såg og tok bilete ved sidan av eit åtvarings-skilt, seier han trudde det var eit gammalt eit som ikkje gjaldt lengre, ettersom at fleire kom og gjekk på den tida han var der. Han meiner investorane bør sjå på det som positivt, heller enn negativt at så mange ønskjer å dra til Harastølen.

– Å politimelde for noko slikt meiner eg er å byrje i feil ende. Han burde jo heller sjå på det som eit potensial at mange vil dit.

Vil følgje saka opp

Christian Algerøy-Vegheim politibetjent ved Sogndal lensmannskontor seier at saka ikkje er sendt meldt inn enda, men at dei vil behandle den som ein vanleg sak. Han tilråder folk om å ikkje gå inn i bygget.

– Bygget er i så dårleg forfatning at det er ein stor risiko å ta seg inn der utan løyve og kyndig kompetanse, seier han.