Hopp til innhold

Politiet tek ein siste runde i Veronica-saka

Etter møtet med Kripos i dag vart det klart at politiet i Sogndal held fram etterforskinga av dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Årøy

HELD FRAM: I dag vart det avgjort at etterforskinga av dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet held fram.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

Etterforskingsleiinga frå Sogn og Fjordane, påtalemyndigheita og Kripos var i dag i møte for å evaluere etterforskinga i Veronica-saka.

Målet var å kvalitetssikre arbeidet som har blitt gjort, samt å sjå om det er nye steinar som kan snuast i den vidare etterforskinga.

– Vi ønskjer å ta ein siste runde før me kan sende saka vidare til påtalemakta, seier lensmann i Sogndal, Arne Johannessen, som understrekar at dei enno ikkje veit om gjennomgangen dei gjer vil utløyse nye skritt i etterforskinga.

Tek ein ny runde

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden 14. november, ikkje langt frå heimen sin i Årøy i Sogndal. Obduksjonsrapporten konkluderte med at Veronica døydde av drukning og dødsfallet blir etterforska som mistenkeleg.

Den sikta i saka, ein mann i 40-åra frå Sogn, vart i januar sett fri etter å ha sete varetektsfengsla sidan 27. november.

Han vart først sikta for falsk forklaring, men i desember vart denne utvida til òg å gjelde vald mot kvinna. I tillegg er han sikta for omgang med om lag ein kilo hasj.

Han var truleg den som sist såg 22-åringen i live og er av politiet sett på som kronvitne i saka. Dei to var kjærastar.

Arne Johannessen i Politiets fellesforbund

SISTE RUNDE: Lensmann i Sogndal, Arne Johannessen, seier målet med Kriposmøtet er å sjå om det er mogleg å finne nye svar i Veronica-saka.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Det som heile tida er vår utfordring er å få belyst best mogleg det som skjedde før Veronica Heggheim Stegegjerdet hamna i elva. Difor tek me ein ny runde for å sjå om det er andre ting me kan gjera, seier Johannessen.

Vil prøve å finne nye svar

Sogn tingrett har tidlegare konkludert med at det ikkje er skjelling grunn til å mistenke den sikta 40-åringen for vald mot Veronica i tida rett før ho forsvann.

Johannessen seier at dei framleis jobbar hardt for å finne ut kor skadane Veronica vart påført stammar frå.

– Dette er noko av det som er hovudfokuset, men vi veit enno ikkje om det er mogleg å kome lenger, seier Johannessen.

Lensmannen seier òg at møtet med Kripos ikkje får følgjer for siktinga mot 40-åringen frå Sogn.

– Der er det ingen endring per i dag, seier han.