Hopp til innhold

Mann sikta for vald mot Veronica

Mannen som tidlegare er sikta for falsk forklaring i Veronica-saka er no sikta for vald mot jenta som vart funnen død i nærleiken av heimen sin i Sogndal i november.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

UTSETT FOR VALD: Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i november. No er ein mann i 40-åra sikta for vald mot kvinna.

Foto: Christian Blom/Privat / NRK

Politiet meiner at mannen som er i 40-åra var den siste som såg den 22 år gamle kvinna i live. No har dei sikta han for lekamsskading i tidsrommet då Veronica Heggheim Stegegjerdet forsvann, skriv VG.no.

– Siktinga er utvida til å gjelde lekamsskading mot Veronica Heggheim Stegegjerdet, seier politiadvokat Katrine Trønsdal i Sogn og Fjordane politidistrikt til VG.

– Det er heilt rett at det er ei utviding i siktinga, og det er det vi held oss til, seier mannen sin forsvarar, Trygve Staff til NRK.no.

Etter det VG kjenner til er lekamsskadinga knytt til tidsrommet då Veronica forsvann.

Veronica vart funnen død ved Barsnesfjorden 14. november ikkje langt frå heimen sin i Årøy i Sogndal etter å ha vore sakna i over tre veker. Saka har blitt etterforska som mistenkleg.

I ei pressemelding skriv politiet at mannen som i slutten av november vart sikta for falsk forklaring og brot på narkotialova, vil måndag 22. desember bli framstilt for forlenga fengsling. Siktinga er no utvida og han er også mistenkt for lekamsskading mot Veroncia.

Den sikta mannen skal ha hatt eit forhold til Veroinca. I tre vitneavhøyr i samband med etterforskinga skal mannen ha forklart at han køyrde Veronica heim laurdag 25. oktober. Då han i eit fjerde avhøyr vart konfrontert med datatrafikk som politiet hadde henta inn, erkjende han at forklaringa ikkje var rett.

Mannen som no er sikta for å ha utøvd vald mot 22-åringen har sete i varetekt sidan 27. november, og måndag vil politiet be om varetekt i fire nye veker.

– Det er tunge dagar for han, det seier seg sjølv. Eg har ikkje fått vite noko om vidare fengsling og veit ikkje kva dei kjem til å be om. Eg har heller ikkje sett noko argumentasjon frå politiet si side, men eg stiller meg undrande til at det som no er kome fram skal gje grunnlag for ei forlenga varetektsperiode, seier Staff.